Buttsnutefrosk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buttsnutefrosk
Buttsnutefrosk
Buttsnutefrosk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av buttsnutefrosk
Utbreiinga av buttsnutefrosk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Amfibium Amphibia
Orden: Halelause padder Anura
Underorden: Neobatrachia
Overfamilie: Ranoidea
Familie: Halelause padder Ranidae
Slekt: Froskar Rana
Art: Buttsnutefrosk R. temporaria
Vitskapleg namn
Rana temporaria

Buttsnutefrosk eller vanleg frosk (Rana temporaria) er eit amfibium i ordenen halelause padder. Han er den amfibiearten som finst lengst nord i Eurasia, og er den mest utbreidde froskearten i Noreg.

Buttsnutefrosk er som alle norske amfibium og reptil freda. Han er likevel nokså vanleg i Noreg, og er ikkje rekna som truga.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gulbrun hofrosk.

Fargane til frosken varierer ein del med temperaturen. Oversida er brun, raudbrun eller gråbrun med mørke teikningar, særleg på bakbeina. Undersida er lys, gjerne med mørke flekkar. Buttsnutefrosk skil seg frå spissnutefrosk ved at han har buttare snute og kan bli litt større, rundt 7-10 cm lang. Vanleg frosk og spissnuta frosk er såpass like at dei fleste vil ha vanskeleg for å sjå skilnad på dei. Det sikraste skiljeteiknet er songen til hannane om våren.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Buttsnutefrosk finst i størsteparten av Europa, med ei sørgrense sentralt på Den iberiske halvøya og nord i Italia, Hellas og Bulgaria. Austgrensa går vest i Sibir og nord i Kasakhstan.

Buttsnutefrosk er ein robust art med små krav til leveområdea. I Noreg finst han over heile landet opp til 1000 meter over havet. Det finst spreidde bestandar i fleire fjellområde, og det høgaste frosken er funne er 2700 moh. i Pyreneane.[2]

Froskeegg.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

I nord føretrekk arten å gyta i dammar med ei relativt grunn strand i sola, men han gyt òg i tjern og gardsdammar. Vanleg frosk finst sjeldan i dammar med fisk, og egg og rumpetroll toler ikkje like surt vatn som spissnutefrosk. Vanleg frosk gyt difor gjerne i mellombels vassamlinger. Artsnamnet temporaria tyder 'mellombels'.

I april-mai (avhengig av klima), så snart isen går, samlar begge kjønn seg til gyting i gytedammen. Hannen lokkar med ein vedvarande knurrande «rrrrrrrr». Hoa legg dei 400-2000 egga i faste geléklumpar. Eggklasane vil oftast søkke til botnen, men flyt gjerne opp i seinare fasar av utviklinga. Larvane (rumpetrolla) går på land i juli-august og blir kjønnsmodne etter 2 til 3 år. Arten overvintrar som oftast på botnen av ein dam eller bekk, der han pustar med huda for å få oksygen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av buttsnutefrosk Rana (Rana) temporaria for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Buttsnutefrosk
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.