Byting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dejvelen bytar om eit barn med ein byting. Del av eit måleri frå 1400-talet av Martino di Bartolomeo.

Bytingar er ifylgje europeisk folketru underjordiske, tussar eller huldrefolk som vert bytt bort mot menneskebarn. Bytingane vert framstilt som små og stygge. Dei græt så ilt at foreldra skjønar at barnet ikkje kan vere deira eige. I nokre segner klarar folk å hindre at barnet deira vert bytt bort, eller dei klarar å få bytt det tilbake. I andre segner veks bytingane opp. I vår tid er det vanleg å gå ut ifrå at trua på bytingar skriv seg frå barn som hadde ei psykisk utviklingshemming, eller leid av ulike sjukdomar som rakitt.[1]

Det fanst rådgjerder mot å få barnet sitt byta bort, ein kunne til dømes sy ein sylvmynt inn i barnelinda eller legge ei salmebok i vogga. Om ein meinte ein hadde fått ein bytting kunne ein prøva å lura han til å gje seg til kjenne, til dømes ved å gjera noko uventa, som å røra i eit eggeskal med ei sleiv. Ein kunne også plaga ungen slik at han skreik. Då skulle den rette moren, det vil seia huldrekvinna, koma tilbake og henta barnet sitt og levera menneskebarnet tilbake.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «bytting». Store norske leksikon (på norsk). 21. mai 2019.