Córdoba i Argentina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Córdoba er den nest største byen i Argentina, med 1,33 millionar ibuarar (2010). Byen er hovudstad i Córdoba-provinsen.

Córdoba er ei by med mangfaldige typar industri. Byen er eit handels- og kultursenter, og eit trafikknytepunkt om lag 700 kilometer nordvest om hovudstaden Buenos Aires.

Panorama over Córdoba

Byen vart grunnlagd i 1573 og var ein sentral stad for jesuittane i det spanske Amerika. Universitetet i Córdoba vart grunnlagd i 1613 og er det eldste i Argentina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]