Călin Popescu-Tăriceanu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Călin Popescu-Tăriceanu
Victor Ponta la semnarea declaratiei politice privind infiintarea USL 2.0 - 14.11 (4) (15621866127) (cropped 2).jpg
Fødd 14. mars 1952
București
Yrke politikar, ingeniør, diplomat
Călin Popescu-Tăriceanu på Commons
Călin Popescu-Tăriceanu

Călin Constantin Anton Popescu-Tăriceanu, fødd 14. januar 1952 i Bucureşti, er ein rumensk politikar og var statsminister i Romania frå 24. desember 2004 til 22. desember 2008. Han leiar det liberale partiet Partidul Naţional Liberal (Det nasjonalliberale partiet), som stilte til val ved parlamentsvalet i 2004 i allianse med det konservative partiet Partidul Democrat (Det demokratiske partiet).

I april 2007 braut Popescu-Tăriceanu samarbeidet med Det demokratiske partiet, og danna ei minoritetsregjering saman med Den demokratiske unionen av ungararar i Romania (Romániai Magyar Demokrata Szövetség/Uniunea Democrată Maghiară din România). Den nye regjeringa fekk støtte i parlamentet av Det sosialdemokratiske partiet Partidul Social Democrat.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.