Emil Boc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emil Boc

Emil Boc (fødd 6. september 1966) er ein rumensk politikar og statsminister i Romania frå 22. desember 2008 til 6. februar 2012. Han er partileiar for Det liberaldemokratiske partiet (Partidul Democrat Liberal), som er rekna som liberalkonservativt.

Boc vart fødd i Răchiţele i Cluj fylke. Han studerte historie, filosofi og jus i Cluj-Napoca. I juni 2004 vart han vald som ordførar i Cluj-Napoca, den største byen i Transilvania. Det same året vart han partileiar. I 2008 vart han gjenvald som ordførar.

Ved parlamentsvalet 30. november 2008 vart Det liberaldemokratiske partiet det største partiet i parlamentet og fekk 32,4 % av stemmene. Partiet fekk i oppdrag å danna ei koalisjonsregjering med det sosialdemokratiske partiet (Partidul Social Democrat) under Liberaldemokratane sin statsministerkandidat Theodor Stolojan, men Stolojan trekte seg overraskande og overlet oppdraget til den yngre partifellen sin, Emil Boc, som vart statsminister 22. desember 2008.

6. februar 2012 gjekk Boc av som statsminister etter omfattande demonstrasjonar i protest mot store nedskjeringar.

Emil Boc gifta seg med Oana i 1994, og dei har to døtrer.