Christoffer Wilhelm Eckersberg
C.W. Eckersberg | |
C.W. Eckersberg måla av Fritz Petzholdt i 1832 | |
Nasjonalitet | dansk |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 2. januar 1783 Neder Blåkrog i Sønderjylland |
Død | |
Utdanning | Det Kongelige Danske Kunstakademi |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar, biletkunstnar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Born | Erling Eckersberg |
Christoffer Wilhelm Eckersberg på Commons |
Christoffer Wilhelm Eckersberg, også C.W. Eckersberg (fødd 2. januar 1783 Neder Blåkrog i Sønderjylland, død 22. april 1853 i København),[1] var ein dansk målar og den som la grunnlaget for målarkunsten i den danske gullalderen.[2] Han fekk stor betydning for mange målarar i samtida og i tida etter. Elevane hans høyrde til dei mest framifrå kunstnarane i perioden, mellom anna Christen Købke, Martinus Rørbye, Wilhelm Bendz, Constantin Hansen og Wilhelm Marstrand.
Eckersberg studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi frå 1803 og fekk undervisning frå mellom anna Nicolai Abildgaard. Seinare var han på studiereise ute i Europa og var elev hos Jacques-Louis David i Paris i to år. Davids strenge klassisisme kom til å bli avgjerande for Eckersbergs stil.[4]
Etter eit treårig opphald i Roma i 1813-1816 vendte han attende til København for å bli professor ved akademiet, ei stilling han hadde til sin død. Han var direktør i 1827-1829. I løpet av den lange karrieren sin måla han mange portrett, landskap og marinemåleri og ei rekkje historiske og mytologiske motiv.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Weilbachs kunstnerleksikon
- ↑ Christoffer Wilhelm Eckersberg Arkivert 2008-05-24 ved Wayback Machine. frå Guide til dansk guldalder
- ↑ «Om «Udsigt gennem ... stokværk» frå Kulturkanonen». Arkivert frå originalen 8. juni 2012. Henta 8. mars 2012.
- ↑ Leif Østby: Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Store norske leksikon