Cabo da Roca

Cabo da Roca (Kapp Roca) er eit nes som utgjer det vestlegaste punktet på det europeiske og det portugisiske fastlandet. Det ligg i kommunen Sintra vest for Lisboa.
Stad[endre | endre wikiteksten]
Neset ligg i distriktet Lisboa, om lag 40 km vest for Lisboa og 18 km vest for byen Sintra i Sintra-Cascais naturpark. Koordinatane, , er skrive inn på ein steinplakett ved monumentet som står på staden. Klippene stig opp av Atlanterhavet til ei høgd på om lag 140 meter over havet.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Neset vart kalla Promontorium Magnum av romarane. Under seglskutetida var det kjend som Lisboaklippa. Den portugisiske diktaren Luís de Camões (1500-talet) skildra Cabo da Roca som staden «der landet sluttar og havet byrjar» (portugisisk Onde a terra acaba e o mar começa).
Landemerke[endre | endre wikiteksten]
Fyret på neset står på toppen av klippa i lag med ein suvenirbutikk. Neset er ein populær turistattraksjon.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Cabo da Roca» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2008.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
