Cabrillo National Monument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cabrillo National Monument

Kart
Cabrillo National Monument
32°40′23″N 117°14′19″W / 32.673056°N 117.238611°W / 32.673056; -117.238611

Cabrillo National Monument (Monumento nacional Cabrillo) er eit amerikansk nasjonalt minnesmerke på sørtippen av Point Loma-halvøya i San Diego i California. Staden er til minne om den fyrste europeiske ekspedisjonen som gjekk i land på vestkysten av noverande USA, gjennom Juan Rodríguez Cabrillo den 28. september 1542. Staden blei gjort til California Historical Landmark nummer 56 i 1932. Området blei lagt til National Register of Historic Places 15. oktober 1966.

Utsyn mot San Diego frå Bayside Trail i Cabrillo National Monument.
386x386pk frå 1935 ved Cabrillo-monumentet.

Parken har utsyn over hamna og bygningar i San Diego, i tillegg til Coronado og Naval Air Station North Island. På klare dagar kan ein òg sjå ein stor del av Stillehavet, Tijuana og dei meksikanske Coronado-øyane. Eit senter for vitjande viser ein film om reisa til Cabrillo og har utstillingar om ekspedisjonen.

Old Point Loma Lighthouse er det høgaste punktet i parken, og har vore eit ikon i San Diego sidan 1855. Fyret blei stengt i 1891, og eit nytt fyr, New Point Loma Lighthouse, opna på ei lågare høgd, fordi tåke og lågt skydekke ofte skugga for lyset på den høgare plasseringa 129 moh. Det gamle fyret er no eit museum.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cabrillo National Monument