Cairn terrier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cairn terrier er ein kortbeina liten terrierrase med opphav frå Skottland. Hunderasen oppstod i Dei skotske høglanda og Isle of Skye. Han har vore brukt som jakthundrotter og til småviltjakt og som vakthund ved hus. Hunden er kjenneteikna av stri og grov pels som kan vera svart, gyllen, grå, brun eller brindle i ulike fargar, men ikkje kvit. Pelsen må trimmast regelmessig.[1] Halen er gulrotforma og står loddrett opp.[2]

Cairn Terrier

Cairn terrier er kjend for å vere ein sunn hunderase med gjennomsnittleg levealder er 12-17 år. Hundane har høgt aktivitetsnivå og treng mykje mosjon. Terrieren er brukt både som brukshund og kjæledyr. Rasen er hardfør og er rekna som intelligent, men er ikkje kjend for å vere særleg lett trenbare.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hunderase informasjon rasehund.no
  2. «Cairn terrier» (23. mars 2011). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. mai 2015.
  3. Hunderase informasjon hunderase.no
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.