Jakthund
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/ff/Bo_the_poodle_retrieving_a_duck.jpg/220px-Bo_the_poodle_retrieving_a_duck.jpg)
Jakthund viser til brukshundar som hovudsakleg er avla fram til å driva jakt saman med jegerar. Det finst ei rekke hunderasar som blir brukte til jakt, både for fuglejakt, småviltjakt og storviltjakt. I Noreg vert ein jakthund definert som ein hund det er lovleg å nytte til jakt på artar det er tillate å jakte på.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Medieval_women_hunting.jpg/220px-Medieval_women_hunting.jpg)
Hundar kan brukast til jakt på ulike måtar. Dei kan finna og peika ut vilt for jegeren, anten stille eller med lyd. Hundar kan jaga og fella vilt sjølv, anten i flokk, i koppel eller åleine. Nokre jakthundar er utvikla for å springa raskt etter bytte, medan andre er små og kan koma seg inn i tunnelar og gangar der byttedyr held til. Apporterande hundar hentar bytte etter at det er skote.
Mange hundetypar har namn etter byttet dei har vore brukt til å jakta, til dømes elghund, harehund og grevlinghund (dachs).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]«jakt» i Store norske leksikon, snl.no.