Caivano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byborga i Caivano

Caivano er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har ikring 38 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 27,2 km².

Byen ligg innafor storbyområdet Napoli, om lag 14 km nordaust for sentrum av Napoli. Kommunen omfattar Casolla Valenzano og Pescarola. Eitt av dei største industriområda i Italia ligg i Pescarola. I Casolla finst restane av eit romersk teater.

Caivano er kjend for ein stor rockefestival som årleg vert besøkt av eit stort publikum, der både nasjonale og internasjonale rockeutøvarar står på scena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]