Californiahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Satellittbilde av Californiahalvøya.

Californiahalvøya (spansk Península de Baja California; engelsk Baja California Peninsula) er ei lang og smal halvøy nordvest i Mexico som ligg mellom Californiabukta og det opne Stillehavet. Ho er omkring 1 202 km lang og maksimalt 240 km brei. Halvøya strekkjer seg frå Tijuana, i nærleiken av den amerikanske grensa i området ved Mexicali, og sørover til Cabo San Lucas. Ho dekkjer eit areal på 143 396 km².[1] Administrativt sett er halvøya delt mellom to delstatar, Baja California og Baja California Sur.

Det ligg fleire fjellkjeder i området, og nær Santa Rosalía er det vulkansk aktivitet. Den internasjonale hamna Ensenada, ved Stillehavet, er fast stoppestad for store turistskip. Ettersom ho er den einaste djupvasshamna i Baja California, fungerer ho som eit nav for all import og eksport av varer i regionen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Baja Peninsula, Baja California, Mexico», World Atlas
  2. «Baja California», History.com