Californiabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Californiabukta
bukt
none
Land Flag of Mexico.svg Mexico
Lengd 1 126 km
Areal 160 000 km²
Wpdms nasa topo gulf of california.jpg
Wikimedia Commons: Gulf of California

Californiabukta (spansk Golfo de California, også kjend som Mar de Cortés og Mar Bermejo) er ei bukt i Stillehavet mellom Californiahalvøya og det meksikanske fastlandet. Ho har ein overflate på omlag 160 000 km². Dei meksikanske delstatatane Baja California, Baja California Sur, Sonora og Sinaloa har kyst mot bukta, med ei kystlinje på rundt 4000 km. Nokre av elvane som renn ut i bukta er Colorado, Fuerte, Mayo, Sinaloa, Sonora og Yaqui.

Bukta er heim til over 5000 artar av mikroskopiske virvellause dyr, og er trudd å vera ein av havområda med størst biologisk mangfald i verda.[1]

Delar av bukta og øyar i henne er ein verdsarvstad, teken med på UNESCO-lista i 2005.


Øyar og verna område i Californiabukta[a]
UNESCO si liste over verdsarv
Islands and Protected Areas of the Gulf of California-113594.jpg
Land: Flag of Mexico.svg Mexico Mexico
Flag of UNESCO.svg Innskriven ved UNESCOs 29. sesjon i 2005.
Referansenr. 1182.
Kriterium: VII, IX, X
Sjå òg Verdsarvstader i Latin-Amerika og Karibia
Bakgrunnsstoff UNESCO: Øyar og verna område i Californiabukta[a]


Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Islands and Protected Areas of the Gulf of California

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ernesto Campos, Alma Rosa de Campos & Jesús Angel de León-González (2009). «Diversity and ecological remarks of ectocommensals and ectoparasites (Annelida, Crustacea, Mollusca) of echinoids (Echinoidea: Mellitidae) in the Sea of Cortez, Mexico». Parasitology Research 105 (2): 479–487. doi:10.1007/s00436-009-1419-8.