Calvin Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Calvin Jackson
Fødd26. mai 1919
FødestadPhiladelphia
Død9. desember 1985 (66 år)
DødsstadEncinitas
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumentpiano
Verka sompianist, jazzmusikar, filmmusikkomponist

Calvin Jackson (fødd 26. mai 1919 i Philadelphia, daud 9. desember 1985) var ein USA-amerikansk jazz-pianist, komponist og bandleiar.

Jackson spelte piano frå barndommen av og studerte ved Juilliard og New York University. Han arbeidde tidleg i karrieren sin med Frankie Fairfax, og så i Hollywood i 1943-1947 som assisterande musikkdirektør for MGM. I 1947 spelte han inn musikk med Phil Moore og som solopianist for Discovery Records. Han spelte med Mildred Bailey i New York i 1948, og så i Toronto i 1950, der han ofte spelte på fjernsyn og radio. I løpet av 1950- og tidleg i 1960-åra gav han ut fleire album for selskap som Columbia Records.

I 1957 drog han attende til Los Angeles, der han fortsette å arbeide som komponist for film og fjernsyn. Han arrangerte òg musikk for Ray Charles ei stund, mellom anna på «Sweet & Sour Tears» i 1964.

Tidleg i 1980-åra flytta han til San Diego County, der han levde som delvis pensjonist, men gav pianotimar i leilegheita si.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Phil Moore Orchestra, Piano Concerto med Calvin Jackson, Discovery DL 4001 (1947)

Med Buddy Collette

Med Fred Katz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]