Cam i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cam
elv
Roing på Cam.
Land  England
Lengd 65 km
Munning Great Ouse
 - stad Ely
Kart
Cam i England
52°12′35″ N 0°6′59″ E
Wikimedia Commons: River Cam

Cam er ei sideelv til Great Ouse i det austlege England. Dei to elvene møtest sør for Ely, ved Pope's Corner. Via Great Ouse er Cam knytt til det engelske kanalsystemet. Elva renn gjennom Cambridge, og så omkring 65 km vidare før ho munnar ut i Nordsjøen.

Ho heitte tidlegare Granta, og enno brukar mange som bur langs ho dette namnet. Eit av fleire eldre namn på Cambridge var Grentabrige, som etterkvart vart forvanska til Cambridge. Sidan byen hadde namn etter ei bru over elva, vart det etterkvart noko underleg av det ikkje var samsvar mellom namna, og Granta vart omdøypt til Cam.

I 1702 vart det grunnlagt ein samskipnad for å bevare elva, som fekk ansvar for å sørgje for at ho var farbar for båttrafikk. Dette inkluderer blant anna drifta av tre sluser: Jesus-slusa, Bottisham-slusa og Baits Bite-slusa. Elva over Jesus-slusa, kalla Top River, er berre farbar for robåtar og prammar. Mellom Jesus-slusa og Mill Pond ligg eit populært turområde, der ein har god utsikt mot mange av bygningane til universitetet i Cambridge.

Rokonkurransane mellom forskjellige universitetslag er ein gammal tradisjon. Dei føregår mellom Jesus-slusa og Bottisham-slusa. Nedanfor Baits Bite, i delen som blir kalla Lower River, ligg mange husbåtar.

Dei viktigaste sideelvane heiter òg offisielt Cam, men den eine går gjerne under det gamle namnet Granta, medan den andre blir kalla Rhee.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cam i England