Nordsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

>

NASA NorthSea1.jpg

Flatevidd: om lag 575 000 km²
Vassmengd: om lag 54 000 km³
Djupaste punkt: Norskerenna, 400 m
Grunnaste punkt: Doggerbanken, 13 meter

Nordsjøen er eit grunnhav og eit randhav av Atlanterhavet som ligg innkransa av Noreg og Danmark i aust, Dei britiske øyane i vest og Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike i sør.

Nordsjøen grensar mot Norskehavet i nord og er bunde saman med Atlanterhavet gjennom Den engelske kanalen i sør. I aust formar han bukta Skagerrak mellom dei tre skandinaviske landa, som er forbunde til Austersjøen gjennom Kattegat, Øresund, Storebælt og Lillebælt.

Store elvar som munnar ut i Nordsjøen er Elbe i Cuxhaven, Weser i Bremerhaven, Ems i Emden, Rhinen og Maas i Rotterdam, Schelde i Flushing, Themsen i Southend-on-Sea og Humber i Hull.

Nordsjøen har alltid hatt eit rikt fiske, noko som alle naboane har utnytta i uminnelege tider. Det finst mykje olje og naturgass under havbotnen, noko spesielt Noreg nyt godt av.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på Nordsjøen har opphav i den geografiske plasseringa i forhold til Friesland. Friesland ligg i sørenden av Nordsjøen. Vest for Friesland ligg Austersjøen, i sør ligg den tidlegare Zuiderzee, som tyder Sørsjøen og som i dag er IJsselmeer, og det oppdemde området Middelzee (Midtsjøen). Namnet vart derfor truleg gjeve av frisarane, som levde på sørkysten av Nordsjøen. Det tidlege spanske namnet på havet var Mar del Norte.[1]

For Hansaen i Tyskland i mellomalderen var òg havområdet i aust Austersjøen (på tysk Ostsee) og havområdet i nord Nordsjøen. Dette vart nytta på karta til hanseatane og namnet spreidde seg etter kvart gjennom Europa. Andre vanlege namn for havet var i lange periodar Mare Frisia og Mare Frisicum, Oceanum- eller Mare Germanicum.

«Tyskahavet» eller «Det germanske havet» (frå latin Mare Germanicum) vart nytta i fleire språk i tillegg til Nordsjøen fram til tidleg på 1700-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første kjeldene om sjøfararar på Nordsjøen kom frå Romarriket, som byrja å utforske området i år 12 f.Kr. Storbritannia vart formelt invadert i år 43 e.Kr. og dei sørlege områda vart ein del av Romarriket. Dette starta omfattande handel over Nordsjøen og Den engelske kanalen. Romarane drog bort frå Storbritannia i 410 og germanske anglarar, saksarar og jydar byrja å flytte på tvers av Nordsjøen under folkevandringstida. Dei erobra og dreiv bort innfødde keltiske folkegrupper.[2]

Vikingtokt

Vikingtida byrja i 793 med åtaket på Lindisfarne og dei neste 500 åra regjerte vikingane Nordsjøen. Med langskipa sine plyndra dei, gjorde handel og oppretta koloniar og utpostar langs kysten av Nordsjøen.

Då dominansen til vikingane forsvann tok Hansaen over handelen i Nordsjøen. Sjølv om Hansaen hadde senter i Austersjøen, hadde dei viktig handelspostar i Nordsjøen. Varerer frå heile verda vart frakta over Nordsjøen på veg til hansabyane.

Ved 1441 hadde nederlendingane stått opp som ein økonomisk og maritim rival til Hansaen og på 1500-talet hadde nederlendingane vorte den førande økonomiske makta i området. Varer frå fjerntliggande koloniar vart frakta via Nordsjøen til marknader i heile Europa.

Tidleg moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Måleri av firedagarsslaget i 1666 av Willem van de Velde

Den nederlandske makta under gullalderen deira uroa England, som såg ei framtid i marin handel og koloniar. Denne konflikten var opphavet til dei første tre engelsk-nederlandske krigane mellom 1652 og 1673. Mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen i 1714 hadde ikkje nederlendingane lenger noko stor makt i europeisk politikk.

Den mektige marinen til britane vart berre utfordra av Napoleon og hans allierte før 1900-talet. I 1800 slo mindre marinemakter seg saman i Forbundet av væpna nøytralitet for å sikre nøytral handel under konfliktane mellom Storbritannia og Frankrike. Den britiske marinen slo den samla styrken til forbundet under slaget ved København i 1801 i Kattegat. Storbritannia slo seinare den franske marinen i slaget ved Trafalgar utanfor kysten av Spania.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Det tyske slagskipet SMS «Blücher» søkk under slaget ved Doggerbanken den 25. januar 1915.

Spenningane i Nordsjøen auka igjen i 1904 med Doggerbank-hendinga der russiske marinefartøy tok feil av britiske fiskebåtar og japanske skip og skaut mot dei, og så på kvarandre. Denne hendinga, britane sin allianse med Japan og den russisk-japanske krigen førte til ei stor diplomatisk krise. Krisa enda med at Russland slo Japan og betalte kompensasjon til fiskarane.

Under den første verdskrigen møtte Storbritannia sin Grand Fleet og Tyskland sin Kaiserliche Marine kvarandre i Nordsjøen, som vart ein viktig krigsskodeplass. Den større britiske flåten klarte å opprette ein blokade gjennom store delar av krigen som avgrensa tilgangen til forsyningar for Sentralmaktene. Av store slag i Nordsjøen finn ein slaget i Helgolandbukta, slaget ved Doggerbanken, slaget ved Jylland og det andre slaget i Helgolandsbukta. Storbritannia gjorde enkelte taktiske feilgrep, men klatre å oppretthalde blokaden og haldt den tyske marinen til kai. Samstundes utgjorde den tyske marinen ein så stor trugsel at dei fleste hovudfartøya til Storbritannia vart verande i Nordsjøen.

Under den andre verdskrigen var det òg mykje aktivitet i Nordsjøen, men denne gong var det meir ubåtar og minesveiparar og raske marinefartøy. [3] 9. april 1940 sette tyskarane i gang Operasjon Weserübung der nesten heile den tyske flåten fokuserte nordover mot Skandinavia i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat.[4] Medan Tyskland okkuperte Noreg gjekk Shetlandsbussen, som i skjul frakta personar mellom Storbritannia og Noreg. Først vart det nytta norske fiskebåtar og seinare tre 100 fot store motortorpedobåtar.[5]

Dei siste åra av krigen og dei første åra etter vart store mengder våpen kasta i Nordsjøen. Dette var hovudsakleg granater, landmineer, sjømineer, rakettkastarar, patroner og enkelte kjemiske våpen. Estimata varierer, men truleg vart hundretusenvis av tonn ammunisjon kasta.[6]

Etter krigen vart Nordsjøen langt mindre militært viktig sidan alle landa rundt var medlemsland av NATO. Nordsjøen vart økonomisk viktig frå 1960-åra då det vart oppdaga store olje- og gassressursar.

Politisk status[endre | endre wikiteksten]

Alle landa som grensar til Nordsjøen krev territorialfarvatn på tolv nautiske mil der dei har eksklusive fiskerettar. Som følgje av torskekrigen har Island derimot eksklusive fiskerettar 320 km ut frå kysten og inn i delar av Nordsjøen. Den felles fiskeripolitikken i EU vart oppretta for å samkøyre fiskerettane og hjelpe til i stridar mellom EU-statane og Noreg.

Etter det vart oppdaga mineralressursar i Nordsjøen kravde Noreg rettane til kontinentalsokkelen sin. Dei andre landa protesterte. Desse rettane er hovudsakleg delt langs midtlinja. [7] Havbotn mellom Tyskland, Nederland og Danmark vart først fordelt på nytt etter langvarige forhandlingar og domavgjersle i Den internasjonale domstolen.[8]

Uro for miljøet førte til MARPOL 73/78-forliket, som oppretta 25 km og 80 km store vernesoner langs kysten av desse tre landa. Konvensjonen for vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet vart oppretta for å bevare havet i regionen. Tyskland, Danmark og Nederland har ein tresidig avtale om vern av Vadehavet og mudderflatene som går langs kysten av dei tre landa sør i Nordsjøen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nordsjøen

Nordsjøen ligg stort sett på den europeiske kontinentalsokkelen. Det einaste unntaket er ei smal sone like utanfor Noreg kalla Norskerenna. Nordsjøen grensar til Storbritannia i vest og den nordlege og sentrale delen av det europeiske kontinentet i aust og sør, inkludert Noreg, Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike.

I sørvest går Nordsjøen over i Den engelske kanalen på andre sida av Doversundet. I aust går Skagerrak og Kattegat vidare til Austersjøen. I nord er det ein vid opning mot Norskehavet, som ligg i den nordaustlegaste delen av Atlanterhavet.

Bortsett frå landområda vert grensene til Nordsjøen rekna for å vere ei linje frå Lindesnes i Noreg til Hanstholm i Danmark med Skagerrak på andre sida. Av statiske årsaker vert stundom Skagerrak og Kattegat stundom rekna som ein del av Nordsjøen..[9] Den nordlege grensa er ikkje like tydeleg, men vanlegvis vert det trekt ei linje frå den nordlege delen av Skottland til Stad i Noreg.

Overflatearealet til Nordsjøen er om lag 575 000 kvadratkilometer med eit volum på rundt 54 000 kubikkilometer.Dette gjer Nordsjøen til det 13. største havområdet i verda.[10]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Mykje av den same berggrunnen ein finn i landområda i sør og sørvest, finn ein òg i Nordsjøen og han er mellom anna heilt ulik mykje av den eldre berggrunnen ein finn på land i Noreg.

To store avsetningsbasseng dekkjer Nordsjøen. Det sørlege bassenget har mellom anna avsetningar frå karbontida, medan det nordlege har særs tjukke avsetningar, opp til 3000 meter, frå tertiær. Den undersjøiske Fyn-Ringkøbingryggen skil dei to bassenga. Begge bassenga inneheld saltavsetningar frå permtida, såkalla zechstein-salt, med dei tjukkaste laga nær midtlinja mellom britisk og norsk sokkel. Grøfter fyllte med sediment som går frå nord til sør, Sentralgraben og Vikinggraben, inneheld store førekomstar av olje og naturgass.

Den sørlege delen av Nordsjøen består av mykje sandstein som inneheld kol, og sandsteinen er ein viktig kjeldebergart for mange førekomstar av gass. Gassen ligg i ein porøs ørkensandstein frå permtida som ligg under eit lag av steinsalt. I sentrale og nordlege område finst Kimmeridgeskifer, ein svart skifer som er ein viktig kjeldebergart for både olje og gass. I Ekofiskområdet ligg førekomstane i ein krittkalkstein under eit skiferlag. I Statfjordområdet består reservoara av porøse sandsteinar frå øvre trias og juratida. På Friggfeltet er det sandstein frå den eldste delen av tertiær.

Under siste istida var området mellom Danmark, Tyskland og England tørrlagd. Havnivået var truleg minst 100 meter lågare enn i dag på grunn av all vatnet som var bunde i isbreane. Dette flate slettelandet grensa mot den 100 km breie Norskerenna. Dette gjorde at ein truleg kunne sjå isbreane over renna frå nordsida av dette slettelandet. Jegerfolk nytta dette Nordsjølandet både under og like etter istida, før isen trekte seg attende, havnivået steig og heile området vart dekt av havet att. Trålarar i området har fått både torv i trålen under fiske i området, medan handsama flint er funne under oljeleiting, noko som beviser at dette området var tørrlagd.

Nordsjøolje[endre | endre wikiteksten]

Det norske oljeeventyret tok til i sekstiåra. Det første feltet med olje, Balderfeltet, blei funne i 1967, og sidan fann ein fleire oljerike felt på norsk territorium. Ekofiskfeltet var det første feltet ein byrja å vinna ut.

Miljøtruslar[endre | endre wikiteksten]

Nordsjøen er eit sterkt pressa havområde, omgjeve som det er av folkerike område med mykje industri, og utsett for intensivt havbruk. Direkte inngrep som fiske har redusert bestanden av fisk i sjøen dramatisk. Indirekte utslepp av organiske miljøgifter og tungmetall kan forgifta Nordsjøen.

Landa som grensar til Nordsjøen har byrja å samarbeida om å redusera skadene. Fleire internasjonale organisasjonar, som Det internasjonale rådet for havforsking og OSPAR, studerer ulike sider ved det som skjer i havet og kjem med råd om kva som bør gjerast. Ein har redusert nokre problem, som utslepp av kloakk og andre miljøgifter. Andre står det att mykje arbeid med.

Problem i dag[endre | endre wikiteksten]

  • Overfiske har ført til ein dramatisk minka fiskebestand. Ein fiskebiomasse på 26 millionar tonn frå slutten av attenhundretalet minka til 10 millionar tonn på slutten av nittenhundretalet. Nokre artar, som torsk, er meir trua enn andre
  • Botntråling øydelegg havbotnen og drep meir enn berre fisken ein er ute etter.
  • Fordi det er mindre fisk i sjøen har sjøfugl mindre næringsgrunnlag, og mange artar har gått kraftig tilbake dei siste åra. Fuglar er òg spesielt utsette for oljeutslepp og miljøgifter.
  • Overtilføring av næringssalt på grunn av gjødsling kan føra til oppblomstring av alger som skapar oksygenmangel i havet. Dette er spesielt merkbart i fjordar og ved elvemunningar. Dessverre er det òg ved kystane at mykje av livet i havet held til.
  • Framande artar frå andre strok kan ta over områda og maten til gamle artar, noko som verker inn på heile økosystemet.

Byar som ligg langs Nordsjøen[endre | endre wikiteksten]

Elver som renn ut i Nordsjøen[endre | endre wikiteksten]

Dyreartar i Nordsjøen[endre | endre wikiteksten]

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Skaldyr[endre | endre wikiteksten]

Fugl[endre | endre wikiteksten]

Pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.common-place.org/vol-05/no-02/peterson/index.shtml
  2. Germany The migration period. Vitja 24. juli 2007.
  3. Atlantic, WW2, U-boats, convoys, OA, OB, SL, HX, HG, Halifax, RCN .... Vitja 24. juli 2007.
  4. LemaireSoft (November 18, 2005). LemaireSoft's Naval Encyclopedia of World War 2: Hipper. Vitja 24. juli 2007.
  5. Shetlandsbussen.
  6. Marc Koch og Wolfgang Ruck. Securing and Remediation Concepts for Dumped Chemical and Conventional Munitions in the Baltic Sea. Vitja 26. oktober 2007.
  7. The Multilaterals Project, The Fletcher School, Tufts University (29 April 1958). Convention on the Continental Shelf, Geneva.. Vitja 24. juli 2007.
  8. Den internasjonale domstolen (20. februar 1969). North Sea Continental Shelf Cases. Vitja 24. juli 2007.
  9. Fisheries Centre of the University of British Columbia.
  10. Royal Belgian Institute of Natural Sciences (2002-2007). MUMM North Sea facts. Vitja 19. juli 2007.