Canadadagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barn på canadadagparaden i Montreal i 2004.
Snowbirds flyg på canadadagen i 2008 ved det canadiske parlamentet i Ottawa.

Canadadagen (engelsk Canada Day, fransk Fête du Canada) er nasjonaldagen i Canada, feira den 1. juli til minne om loven British North America Act frå 1867 som skapa den canadiske konføderasjonen. Han blei tidlegare kalla Dominionsdagen (Dominion Day) eller Konføderasjonsdagen (Dominion Day, Jour de la Confédération).

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Dagen er også kjend som fødselsdagen til Canada.[1][2][3] Markeringa er til minne om då tre koloniar i Britisk Nord-Amerika - Nova Scotia, New Brunswick og Provinsen Canada - blei ein føderasjon av fire provinsar (provinsen Canada blei delt i Ontario og Quebec) den 1. juli 1867. Sjølv om Canada då kan reknast for å ha blitt eit eige rike,[4][5][6] heldt Storbritannia på ein avgrensa rett til politisk kontroll over landet. Denne blei gradvis avskaffa. I 1982 fekk Canada fullstendig sjølvstende gjennom Constitution Act, 1982 og det britiske motstykket Canada Act 1982. Dette året bytta ein også namnet på nasjonaldagen til det novarande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Panetta, Alexander; Pedwell, Terry (2. juli 2007), «An unforgettable Canada Day, eh?», Toronto Star, henta 12. mai 2007 
  2. «Canada Day celebrations», Toronto Star, 29. juni 2007, henta 12. mai 2007 
  3. Canwest News Service (1. juli 2007), «Harper salutes international role in Canada Day address», National Post, arkivert frå originalen 28. juni 2011, henta 12. mai 2007 
  4. «Heritage Saint John > Canadian Heraldry». Heritage Resources of Saint John and New Brunswick Community College. Arkivert frå originalen 6. mars 2005. Henta 3. juli 2009. 
  5. The Royal Household. «The Queen and the Commonwealth > Queen and Canada > History and present government». Queen's Printer. Henta 3, juli 2009. 
  6. Department of Canadian Heritage (2005). «The Crown in Canada» (PDF). Queen's Printer for Canada: 7. Henta 3. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Canadadagen