Føderasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein føderasjon er ei statsdanning beståande av delvis sjølvstyrte (men ikkje suverene) delstatar med separate regjeringar og dels eiga lovgjevnad, i motsetning til sentralstatar. Typiske føderasjonar er Tyskland og USA, mens Noreg er ein typisk sentralstat. For lausare føderasjonar blir omgrepet konføderasjon brukt.

Føderasjonar og konføderasjonar finst også i organisasjonslivet, da som samanslutningar av sidestilte, meir eller mindre sjølvstyrte einingar, som for eksempel forbund eller samorganisasjonar i ein fagleg landsorganisasjon.

Anarkismen hevdar at heile samfunnet bør byggast opp etter føderalistiske prinsipp, der friviljuge samanslutningar som kommunar eller fagforeiningar er basis for ein føderasjon. Dette i motsetning til eit meir sentralistisk styresett.