Canon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit av dei digitale spegelreflekskamera til Canon: Canon EOS 350D.

Canon (offisielt japansk namn キヤノン) er eit japansk foretak som spesialiserer seg i produkt i bilde og optikk, blant anna kamera, kopieringsmaskinar og skrivarar. Hovudkontoret ligg i Tokyo.

Firmaet blei grunnlagt i 1933 med namnet 精機光学研究所 (Seiki-kougaku-kenkyuujo eller «Precision Optical Instruments Laboratory») av Yoshida Goro og svigerbroren Uchida Saburo, finansiert av Saburos nære venn Takeshi Mitarai. Grunnoppgåva var å utvikle kvalitetskamera. I juni 1934 slapp dei det fyrste kameraet sitt, Kwanon, døpt etter Guan Yin, miskunngudinna i buddhismen. Året etter endra dei til ein meir moderne versjon av namnet, Canon[1].

Canons fyrste kamera var klonar av Leicas «threadmount»-målsøkekamera. Dei fylgde nøye Leica-spesifikasjonane for «threadmount»-objektivet (M39) men la til eigne oppfinningar som ein kombinert søkar/målesøkar med justerbar forstørring. I byrjinga hadde ikkje Canon sin eigen fabrikk til optikk, men brukte objektiv produsert av Nikon. Men snart begynte dei likevel å lage sine eigne objektiv under merket Serenar. Desse er den dag i dag populære blant brukarar av Canon- og Leica-målsøkarkamera.

Canons hovudkonkurrentar er blant andre Nikon, Konica Minolta, Leica, Pentax, Olympus, Sony, Epson, Kodak og Hewlett-Packard.

Kamera[endre | endre wikiteksten]

Digitale kompaktkamera[endre | endre wikiteksten]

Digitale spegelreflekskamera[endre | endre wikiteksten]

Spegelreflekskamera[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]