Carl Arbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Arbo
Fødd 17. august 1837
Drammen
Død

1906
Kristiania

Yrke antropolog, lege

Carl Oscar Eugen Arbo (17. august 183720. mai 1906) var ein norsk lækjar og fysisk antropolog frå Drammen, kjend for sine undersøkingar av norske rekruttar og teoriar om folkeopphav.

Arbo, som var bror til målaren Peter Nicolai Arbo, tok medisinsk embetseksamen i Christiania i 1865. Etter studiar i utlandet og arbeid ved sinnsjukeasylet i den norske hovudstaden fekk han i 1868 stilling som kompanikirurg i Kristiansand. Fram til 1902 arbeidde han som militærlækjar.

Gjennom mest heile si tid som militært tilsett, utførte han systematiske fysiske studiar av rekruttane. Frå 1875 gav han ut ei rekke vitskapelege arbeid basert på undersøkingane sine. På grunnlag av skallemålingar framsette han ei hypotese «om at befolkningen i Norge etter istiden hadde vandret inn som tre atskilte grupper».[1]

Frå 1893 budde Arbo i Kristiania, der han døydde i 1906.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Walløe, Lars (27. mars 2015). «Carl Arbo». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]