Kristiansand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristiansand
Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen.
Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen.
Geografi
Kommune Kristiansand
Fylke Vest-Agder
Folkemengd[1] 70 204 (2012)
Folketettleik 2 077 /km²
Areal[1] 33,8 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei E18.svg Stamvei E39.svg Stamvei 9.svg 
Sørlandsbanen,
Kristiansand lufthamn, Kjevik
Innbyggjarnamn kristiansandar
Preposisjon i Kristiansand
Kart
Kristiansand is located in Vest-Agder
58°08′48.2″N 7°59′44.2″EKoordinatar: 58°08′48.2″N 7°59′44.2″E

Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Vest-Agder med 70 204 innbyggjarar (2012). Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Vest-Agder fylkeskommune.

Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.

I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.

I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagt av og kalla opp etter den dansk-norske kongen Christian IV i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.

Den siste store bybrannen skjedde i 1892 og mange trehus brann ned. Denne delen av byen vart reist opp att i mur. Den eldste delen av byen er kalla Kvadraturen og har hatt same dei gatelinjene fram til i dag.

Busetnaden som har vakse ut over bykjernen består i hovudsak av bustadområde. Vest for sentrum er Tinnheia og Hellemyr, og aust er områda Gimlekollen, Lund og Kongsgård. I sørvest er bydelane Flekkerøy, Vågsbygd og Slettheia.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kristiansand er eit regionalt knutepunkt for transport og kommunikasjon, med samband både innan- og utanlands. Byen er norsk ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 gjennom Setesdal. Byen har jernbanesamband til Stavanger og Oslo via Sørlandsbanen. Kristiansand Havn er ei av Noregs største hamner og har hurtigbåt- og ferjesamband til Hirtshals. Kristiansand lufthamn, Kjevik ligg 16 kilometer nordaust for byen og har direkte samband med Oslo, Stavanger, Bergen, København, London, Aberdeen og Amsterdam.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

I Norden[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]