Carl Værnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Værnet
FøddCarl Peter Jensen
28. april 1893
Løjenkær
Død25. november 1965
Buenos Aires
NasjonalitetDanmark, Argentina
Yrkelege
InstitusjonarSS
Alma materKøbenhavns Universitet

Carl Peter Værnet (fødd 28. april 1893 i Aarhus kommune, død 25. november 1965 i Buenos Aires) var ein dansk lege som utførte eksperiment ved Buchenwald konsentrasjonsleir under andre verdskrigen.[1] Han utførte ulike eksperiment der han injiserte hormonar i menn sine testiklar for å prøva å «kurera» homofili.[2] Værnet rapporterte til Gestaposjefen, Heinrich Himmler.[3]

Etter krigen blei Værnet arrestert i Danmark og sikta for krigsbrotsverk. 12. november 1945 fekk han hjarteproblem, og rekna for som sjuk til å stå for retten. Det er seinare sådd tvil ved om han verkeleg hadde slike helseproblem. Sjølv om passet hans var blitt inndrage, fekk han det tilbake slik at han kunne dra til Sverige for å få E-vitaminbehandling. I staden flykta han til Brasil og deretter Argentina, der han budde i mange år under sitt eige namn og fortsette hormonforsking si. Danmark prøvde aldri å få han utlevert.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olivier Charneux, Les guérir, biography of Carl Vaernet in French, Robert Laffont, 2016 (ISBN 2221190211)
  2. David A Hackett (1995). The Buchenwald report. ISBN 0813317770. 
  3. Louis-Georges Tin (2008). Dictionary of Homophobia: A Global History of Gay and Lesbian Experience. ISBN 1551522292. 
  4. Peter Tatchell (5. mai 2015). «The Nazi doctor who experimented on gay people – and Britain helped to escape justice». The Guardian.