Schutzstaffel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Schutzstaffel (tysk for «verneavdeling» eller livvakt) ofte forkorta SS oppstod som ein paramilitær organisasjon knytt til det tyske partiet NSDAP, og utvikla seg etter kvart til ein sentral del av Det tredje riket sitt valdsapparat.

SS var organisert i eigne hæravdelingar, men var utanfor kontrollen til Wehrmacht. Nazistane såg på SS som ein eliteorganisasjon, danna for å verne partiet og spesielt leiaren Adolf Hitler, gjennom den første avdelinga Leibstandarte-SS Adolf Hitler. Medlemene blei plukka ut på rasemessige og ideologiske kriterium. SS var også skuldig i ein heil del brotsverk mot menneskeætta, blant anna drifta av konsentrasjonsleirane og massedrapsavdelingane Einsatzgruppen.

I starten av krigen var dei berre på regimentsnivå underlagde vanlege hærdivisjonar. Men etter som krigen utvikla seg og den tyske hæren fekk mindre å seie, klarte nazipartiet å utvide SS-styrkane til divisjonar. SS-divisjonane blei som regel nytta som «brannkorps» ved fronten, ei høgt mekanisert avdeling i reserve som blei sett inn der fronten svikta. I motsetning til det som er eit vanleg syn hadde SS-divisjonane sjeldan betre våpen og utstyr enn andre einingar; det som gjorde dei til spesielt sterke einingar var først og fremst fanatisme frambringa gjennom politisk indoktrinering.

Dei ikkje-tyske frontkjemparane (nordmenn, danskar, belgiarar, bosniarar osv.) var underlagde Waffen-SS.

Medlemene bar i den første tida same uniform som Sturmabteilung (SA). Seinare blei den illgjetne svarte uniforma innført. Dei hadde SS-symbolet på jakkeslaget, og i tillegg blei daudinghovudet bruka som kjenneteikn. SS-symbolet var ei gammal germansk rune, som stod for siger.

SS før andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Forgjengaren til SS blei etablert i 1923 som ei avdeling innan SA. Dei skulle ha ansvaret for å verne framståande medlemer av nazipartiet på partimøte og under demonstrasjonar. Den øvste avdelinga blei leidd av Emil Maurice og ho bestod av 8 mann.

Etter det mislykte Ølkjellarkuppet i München i 1923 blei denne livvaktavdelinga og Sturmabteilung (SA) lagde ned for ein periode. Dei blei gjenoppretta i 1925. Livvaktavdelinga fekk namnet Stosstrupp Adolf Hitler og dei hadde som oppgåve å verne Hitler på partimøte. Same året blei Stosstrupp Adolf Hitler etablert på nasjonalt nivå i Tyskland. No fekk organisasjonen namnet Schutzstaffel. No skulle dei verne framståande medlemer av Nazipartiet over heile Tyskland. Hitler var sjølv medlem nr. 1, medan livvakta hans, Emil Maurice, var medlem nr. 2.

Frå 1925 til 1929 var SS berre ein bataljon innan Sturmabteilung. Dei bestod av ca. 280 mann. 6. januar utnemnde Hitler Heinrich Himmler til leiar av SS. Innan slutten av 1933 hadde talet på medlemer i SS stige til 209 000 mann.

Før 1932 hadde SS-mennene same uniforma som SA. Sidan bar dei ei svart uniform. Like før andre verdskrigen, blei uniforma duegrå. Waffen SS bar ei grå uniform ute i felten. På slutten av krigen hadde SS på seg ei kamuflasjefarga uniform.

SS sitt motto var «mi ære er lojalitet». Rangeringssystemet i SS var basert på det systemet som SA hadde.

Heinrich Himmler og hans nestkommanderande Reinhard Heydrich konsoliderte makta i SS. Heydrich fekk i oppgåve å byggje ut ei etterretningsteneste innan SS som fekk namnet Sicherheitsdienst. Ved byrjinga av andre verdskrigen hadde talet på medlemer i SS stige til 250 000 mann. SS tok også kommandoen over Gestapo i 1934. Same året fekk SS ansvaret for å drive alle konsentrasjonsleirane.

Under krigen[endre | endre wikiteksten]

I 1944 hadde SS utvikla seg til ein stor organisasjon som hadde blitt ein stat i staten.

Dei mektigaste mennene innan SS var SS- og politileiarane. Dei blei delte inn i tre nivå – vanleg, høgare og overordna. Dei fekk tittelen SS Gruppenführer. Dei låg direkte under Heinrich Himmler når det gjaldt ansvar.

Hovudkvartera[endre | endre wikiteksten]

I 1944 bestod SS av 12 hovudkontor.

  • Hauptamt Personlicher Stab Reichsführer-SS – Himmler sin personlege stab.
  • SS Hauptamt – hovudkontoret til SS.
  • SS Führungshauptamt – administrasjon og forsyningsavdelinga for Waffen SS
  • Hauptamt SS Gericht – kontoret for juridiske saker.
  • Rasse und Siedlungshauptamt (RuSHA) – kontoret for rasesaker
  • SS Personalhauptamt – personellkontoret
  • Reichssicherheitshauptamt (RSHA) –sikkerheitspolitiet sitt hovudkontor. Gestapo, Sicherheitsdienst, Kriminalpolizei, og Einsatzgruppen låg under dette kontoret
  • Hauptamt Ordnungspolizei – hovudkontoret for ordenspolitiet
  • Wirtschafts und Verwaltungshauptamt (WVHA) – administrasjons og økonomiavdelinga
  • Hauptamt Dienststelle Heissmeyer – opplæringsavdelinga.
  • Hauptamt Volksdeutsche Mittelstelle (VOMI) – hovudkontoret for etniske tyskarar.
  • Reichskommissariat für die Festigung des deutschen Volksturms – rikskommisæren for dei tyske nybyggjarane.

Greiner[endre | endre wikiteksten]

På slutten av andre verdskrigen bestod SS av følgjande greiner:

Det ordinære SS[endre | endre wikiteksten]

Det ordinære SS tyder den organisasjonen som blei driven på 1920 og 1930-talet.

Allgemeine SS[endre | endre wikiteksten]

Allgemeine-SS («det allmenne SS» eller «det vanlege SS») utgjorde hovudtyngda av SS sin medlemsmasse. Det var deltidsmedlemer av SS som danna avdelingar over heile Tyskland. Desse avdelingane var delte inn i Standarten som igjen var delte inn i Abschnitt og Uberabscnitt. Det vanlege SS blei sedde som reservestyrkar, og mange av medlemene tenestegjorde i andre våpengreiner. Mange gjorde også teneste som vakter i konsentrasjonsleirar.

Soldatar i Waffen SS blei ofte plasserte i Allgemeine SS etter å ha gjort frontteneste i ein periode, slik at dei kunne få att kreftene sine.

SS-kavaleriet[endre | endre wikiteksten]

SS kavalerikorpset bestod av Reiterstandarter og Reiterabschnitt. Ryttarkorpset blei danna for å trekkje til seg medlemer av den tyske overklassen. På 1930-talet blei dette ryttarkorpset starten på ein militær organisasjon innan SS. Ryttarkorpset var forgjengaren til Waffen SS. I 1941 var ryttarkorpset berre ein liten sosial klubb innan SS. Dei aller fleste medlemene hadde søkt seg over til Waffen SS.

Germanske SS[endre | endre wikiteksten]

Germanske SS dreiv verksemda si i erobra land og territorium. Germanske SS var også ein organisasjon som bestod av medlemer som dreiv på deltid. Dei dreiv med lokal sikkerheit og naziindoktrinering. Danmark og Belgia var dei største medlemslanda innan Germanske SS. Medlemer av Germanske SS hadde eigne modifiserte SS-titlar og symbol. Alle avdelingane i Germanske SS blei administrerte frå hovudkontoret til SS i Tyskland.

Waffen-SS[endre | endre wikiteksten]

Waffen-SS var den stridande delen av SS. Avdelinga blei sedd som ein del av Wehrmacht, men stod utanfor dei vanlege kommandolinene. Waffen SS hadde også mange andre avdelingar. Waffen SS hadde også mange avdelingar som bestod av utlendingar. I utgangspunktet var det berre germanarar (mellom andre skandinavar og nederlendarar) som blei aksepterte, men etter kvart begynte dei også å opprette avdelingar beståande av ikkje-germanarar.

Konsentrasjonsleirtenesta[endre | endre wikiteksten]

Frå 1934 var det SS som fekk i oppdrag med å drive dei tyske konsentrasjonsleirene. Denne delen av SS blei kalla Totenkopfverbände. Det var Theodor Eicke som starta denne organisasjonen. Totenkopfverbände var delt inn i fleire regiment. Kvart regiment tenestegjorde ved kvar sin konsentrasjonsleir. Den største leiren var Dachau. I 1938 blei også Totenkopfverbände ei stridande eining innan Waffen SS.

I 1939 voks Totenkopfverbände sterkt. Dei utvikla organisasjonen i tre ulike greiner for å sørve dei ulike typane konsentrasjonsleirar. I 1944 eksisterte det tre divisjonar i Totenkopfverbände. Det var den delen som dreiv konsentrasjonsleirane i Tyskland , arbeidsleirane i okkuperte land og utryddingsleirane i Polen.

I 1942 blei det av administrative grunnar slik at medlemer av Totenkopfverbande også blei medlemer av Waffen SS. I tillegg blei konsentrasjonsleirane plasserte administrativt under Avdelinga for forvaltning og økonomi (WVHA).

I 1944 blei konsentrasjonsleirane ein integrert del av Waffen SS og administrert av WVHA. Dette blei gjort for å kunne rullere på mannskapa pga. mannskapsmangel. Såra SS-soldatar kunne tenestegjere i konsentrasjonsleirane i ein periode før dei kom seg igjen. Denne ordninga førte til at mange innan SS fekk kjennskap til og deltok i det grufulle som gjekk føre seg i leirane.

Einsatzgruppen[endre | endre wikiteksten]

Einsatzgruppen blei danna på initiativ av Sicherheitsdienst (SD) og RSHA. Dei første gruppene blei sette inn under erobringa av Austerrike og Tsjekkoslovakia. Meininga med Einsatzgruppen var at dei skulle ta seg inn i okkuperte område, sikre viktige dokument og eliminere problematiske personar. I desse to landa var oppgåvene til Einsatzgruppen å bemanne administrasjonen med nazistar og etablere lokale konsentrasjonsleirar.

I 1939 blei Einsatzgruppen omorganisert. Under angrepet på Polen i 1939 hadde Einsatzgruppen i oppgåve å drepe medlemer av den polske eliten slik at dei ikkje kunne danne ei motstandsrørsle mot tyskarane.

I 1941 blei Einsatzgruppen send til Sovjetunionen for å utrydde jødar, sigøynarar og kommunistar.

Einsatzgruppen fekk ordrane sine frå SS si øvste leiing og dei blei leidde av folk som kom frå Sicherheitsdienst og Gestapo. SS bemanna Einsatzgruppen med medlemer fra Sicherheitsdienst, Gestapo, Waffen SS, ordenspolitiet, frå politibataljonar og frå einingar i den tyske hæren. Einsatzgruppen rekrutterte også folk frå lokalbefolkninga når dei trong det.

Det var SS og politileiarar som hadde det øvste ansvaret for Einsatzgruppen i dei områda som dei opererte i. Dei fleste blei etter krigen dømde for krigsbrotsverk, eller dei gjorde sjølvmord.

Ordenspolitiet[endre | endre wikiteksten]

I 1936 absorberte SS det vanlege tyske politiet inn i sine rekkjer og danna Ordnungspolizei. SS-Oberstgruppenführer Kurt Daluege blei leiar for ordenspolitiet medan Heinrich Himmler blei den øvste leiaren for heile det tyske politiet. Ordenspolitiet hadde eigne grader og titlar. Ordenspolitiet hadde også ei avdeling som var stridande og som var ei eiga avdeling innan Waffen SS. Det var også eigne politiregiment som utførte sikkerheitsoppdrag under leiing av RSHA.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Rett etter at Adolf Hitler gjorde sjølvmord og Karl Dönitz overgav Det tredje riket til dei allierte, blei SS nedlagd. Rett før Hitler sin død hadde SS ingen leiarar. Hitler hadde skulda Himmler og hans menn for å vere svikarar fordi han trudde dei førte forhandlingar med dei allierte. I dei siste månadene av 1945 opplevde SS store massedeserteringar frå folk som bemanna konsentrasjonsleirane og etterretningsorganisasjonane. Dei såg at slutten og nederlaget var nær og tok ikkje sjansen på å bli stilte for retten som krigsforbrytarar.

Ein del prominente SS-medlemer fór til Argentina i Sør-Amerika. Der etablerte dei ODESSA, ein organisasjon som skulle hjelpe tidlegare medlemer av SS og nazipartiet med å flykte til utlandet. Organisasjonen hadde hovudkvarter i Buenos Aires med sambandsliner til Tyskland, Sveits og Italia. Dei hjelpte Adolf Eichmann, Josef Mengele, Erich Priebke og mange andre krigsforbrytarar med å flykte til Sør-Amerika.

30. september 1946 blei heile SS erklært som ein kriminell krigsforbrytarorganisasjon av krigsforbrytardomstolen i Nürnberg. Denne påstanden blei underbygd med SS sine systematiske drap av jødar, brutal administrasjon av okkuperte område, leiing av slavearbeidsprogrammet og mishandling og drap av krigsfangar.

Alle medlemer av SS blei mistenkte for å vere krigsforbrytarar og skulle dermed stillast for retten. 50 000 av i alt 1 million SS-medlemer blei dømde for krigsbrotsverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Schutzstaffel