Carnot-syklus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Carnot-syklus skildra på eit trykk-volum-diagram for å skildra arbeidet som er gjort.

Carnot-syklus er ein idealisert prosess innan termodynamikken der ein varmekraftmaskin, ein Carnot-maskin, utfører arbeid ved å ta opp varme i eit reservoar ved ein temperatur T1 og avgje varme til eit reservoar med ein lågare temperatur T2. Maskinen er tenkt å bestå av ein lukka sylinder med eit bevegeleg stempel og ei gassmengd innstengd i sylinderen.

Krinsprosessen vart skildra av og kalla opp etter Nicolas Léonard Sadi Carnot i 1824 og utvida av Benoit Paul Émile Clapeyron i 1830- og 1840-åra. Det kan visast at dette er den mest effektive krinsprosessen for å omforme ei mengd varmeenergi til arbeid, og motsett.

Alle termodynamiske system har ein særskild termodynamisk tilstand. Når eit system går gjennom ei rekkje tilstandar og til slutt endar opp i utgangstilstanden, seier ein at det har skjedd ein termodynamisk syklus. I prosessen med å gjennom denne syklusen kan systemet utføre arbeid på omgjevnadane, og slik fungere som ein varmekraftmaskin. Eit system som går gjennom ein Carnot-syklus vert kalla ein Carno-maskin. Ein perfekt maskin av dette slaget er derimot berre teoretisk og kan ikkje lagast i praksis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]