Carry On
«Carry On» Song av Crosby, Stills, Nash & Young frå albumet Déjà Vu | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:27 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Stephen Stills | |
Tekstforfattar | Stephen Stills | |
Låtskrivar(ar) | Stephen Stills | |
---|---|---|
Produsent | Neil Young David Crosby Graham Nash Stephen Stills |
«Carry On» er ein song skriven av Stephen Stills og innspelt av Crosby, Stills, Nash & Young for albumet Déjà Vu i 1970.
Songen opnar Déjà Vu og er ein av dei få band-orienterte songane på albumet, i staden for dei andre songane som hovudsakleg var soloinnspelingar. Kombinasjonen av dei robuste vokalharmoniane til CSNY opp mot både akustiske og elektriske gitarar representerer to like uimotståelege sider av supergruppa.[1] Songen vart spelt på mange av konsertane deira og vart synonym med den blømande album rock-rørsla seint på 60-talet og tidleg på 70-talet.[1]
Teksten omhandlar kjærleik, tap og til slutt frigjering. I motsetnad til albumet Crosby, Stills & Nash frå 1969, er vokalen langt meir kraftfull. I følgje Allmusic er det kombinasjonen av den brennande sologitaren til Stills, den intuitive tromminga til Dallas Taylor og den oppfinnsame bassen til Greg Reeves som definerer denne utgåva av CSN&Y. Enkelte har hevda at bandet aldri var så gode og inspirerte som dei var her.[1]
Songen vert avslutta med ei funky utgåve av ein tidlegare Stills-song kalla «Questions», som han opphavleg skreiv medan han enno var i Buffalo Springfield.
Ei lengre utgåve av songen finst på konsertplata Four Way Street (1971).