Castelfidardo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Castelfidardo

Castelfidardo er ein by og ein kommune i provinsen Ancona i Marche-regionen i Italia. Kommunen har i kring 18 500 ibuarar og dekker ei flatevidd på 33,4 km². Byen ligg på ein åsrygg, 199 meter over havet, 18 kilometer frå Adriahavet.

Castelfidardo er internasjonalt kjend for den store produksjonen av trekkspel. Den 18. september 1860, under risorgimento, slo ein hær frå Piedmonte ein hærstyrke utrusta av pavekyrkja. Endå om slaget ikkje var av dei største, kom det til å få ei viktig rolle i den italienske stats-samlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]