Trekkspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trekkspel

Klassifiseringtrekkspel
Hornbostel-Sachs klassifisering412.132 (aerofon med frie røyrblad
UtviklaTidleg på 1800-talet
Knappetrekkspel

Trekkspel er eit luftdrive musikkinstrument med europeiske røter som er utbreidd over heile verda. Instrumentet lagar lyd ved hjelp av luft som blir pressa forbi frie røyrblad ved at ein trekk det ut og presser det saman. Trekkspel finst i eit utal variantar, med knappar, tangentar, melodibass og standardbass. Ein person som spelar trekkspel vert kalla ein trekkspelar.

Trekkspelet oppstod på 1800-talet. Friedrich Buschmann blir ofte nemnd som den første trekkspelmakaren med eit instrument frå 1822, medan Cyrill Demian tok patent på ein forbetra utgåve han kalla «accordeon» i 1829. Det er også funne døme på instrument som kan vera eldre.[1] Instrumentet blei snart vidspreidd i ulike variantar, og mellom anna Russland fekk ein utbreidd produksjon.[2]

I norsk samanheng er trekkspel best kjend frå gamaldansmusikk, men instrumentet er òg i bruk i ei rad andre musikksjangrar. I Noregsmesterskapet i trekkspel vert det kvart år konkurrert i klassane solist, duett, gammaldans, kammermusikk, orkestermusikk og underhaldningsmusikk. For å kunna delta i NM, må utøvarane kvalifisere seg gjennom distriktsmesterskap.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Interview With Fredrik Dillner - The Owner Of What May Be The World's Oldest Accordion The Free-Reed Journal, 22 June 2006; Müller, Mette & Lisbet Torp (red.) Musikkens tjenere. Forsker, Instrument, Musiker - Musikhistorisk Museums 100 års Jubilæumsskrift 1998, 297 s., indb rigt illustreret ISBN 978-87-7289-466-9 Serie: Meddelelser fra Musikhistorisk Museum og Carl Claudius Samling ISSN 0900-2111. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Mirek, Alfred. Garmonika. Proshloe i nastoiashchee. Nauchno-istoricheskaia entsyklopedicheskaia kniga. Moscow, 1994. p.50; Banin A.A. Russkaia instrumentalnaia muzyka folklornoi traditsii. Moscow, 1997. (p.144). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

«trekkspill» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Trekkspel
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.