Castilla y León

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Castilla og León)
Castilla y León
region
Flagg
Symbol
Land  Spania
Hovudstad Valladolid
Areal 94 223 km²
Type Autonom region
Folketal 2 383 139 (2021)[1]
Postnummer CL
Kart
Castilla y León
41°45′16″N 4°46′55″W / 41.754444444444°N 4.7819444444444°W / 41.754444444444; -4.7819444444444
Wikimedia Commons: Castile and León

Castilla y León er ein av 17 autonome regionar i Spania. Det vart oppretta ut frå Gamle Castilla (spansk Castilla la Vieja) og León i 1983. Regionen er den største i Spania med eit areal på 94 223 km².

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Castilla y León grensar til Asturias og Cantabria i nord, Aragón, Baskarland og La Rioja i aust, regionen Madrid og Castilla-La Mancha i søraust, Extremadura i sør, og Portugal og Galicia i vest.

Castilla y León dekker stort sett heile den spanske delen av nedslagsfeltet til elva Douro på den nordlege halvdelen av Meseta Central, eit stort platå midt på Den iberiske halvøya. Regionen omfattar òg nokre av dei tilknytte dalane, som El Bierzo (León) og fleire isolerte fjelldalar som Laciana (León), Valle de Mena (Burgos) og Valle del Tiétar (Ávila).

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

«Las Médulas», gamle romerske gullgruver.
Foto: Rafael Ibáñez Fernández

Castilla y León er delt inn i ni provinsar:

Kvar av desse provinsane er kalla opp etter dei respektive provinshovudstadane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Castilla y León