Extremadura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Extremadura
Flagget til Extremadura Våpenet til Extremadura
Flagget til Extremadura Våpenet til Extremadura


Plassering
Plassering av  Extremadura
Styresmakter
Provinsar 2
Hovudstad Mérida
President Guillermo Fernández Vara (PSOE)
Geografi
Flatevidd
41 634 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

1 097 744
  26,4 /km²
Koordinatar 41°49′″N 1°28′″EKoordinatar: 41°49′″N 1°28′″E
Annan informasjon
Postnummer EX
Nettstad: www.juntaex.es

Extremadura (ekstremaduransk Estremaura) er ein autonom region vest i Spania med regionsshovudstad Mérida. Han er vidare delt inn i provinsane Cáceres og Badajoz. Extremadura grensar til Portugal i vest og er eit viktig område for dyreliv, særleg med det store reservatet i Monfragüe, som vart ein nasjonalpark i 2007. I nord ligg Castilla y León (provinsane Salamanca og Ávila); i sør ligg Andalucía (provinsane Huelva, Sevilla og Córdoba); og i aust ligg Castilla-La Mancha (provinsane Toledo og Ciudad Real).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Extremadura har eit areal på 41 633 km², og er den femte største autonome regionen i Spania. Han ligg på det sørlege platået, som er ein del av Det sentrale platået i Spania.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Nord i Extremadura ligg Sistema Central, som består av Sierra de Gredos, Sierra de Béjar med høgder opp mot 2401 moh, og Sierra de Gata som skil Extremadura frå Castile.

Sentralt ligg Sierra de las Villuercas med høgaste punkt på 1603 moh i Pico de La Villuerca, Sierra de Montánchez og Sierra de San Pedro, som er ein del av Montes de Toledo.

I sør stig Sierra Morena som skil Extremadura frå Andalucia med Sierra de Tentudía som det høgaste fjellet på 1104 moh.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Det er fire store nedslagsfelt i Extremadura.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Extremadura har middelhavsklima bortsett frå i nrod som er meir kontinentalt og ivest der Atlanterhavet medfører mildare klima.

Generelt har regionen særs varme og tørre somrar med tørke og lange, milde vintrar på grunn av nærleiken til Atlanterhavet.

Temperaturar[endre | endre wikiteksten]

Den årlege normaltemperaturen varierer mellom 16 og 17 °C. Nord i Extremadura, er middeltemperaturen lågare enn i sør. Om sommaren er middeltemperaturen i juli høgare enn 26 °C, stundom opp mot 40 °C.

Vintrane er milde med dei lågaste temperaturane i fjellområda. Middeltemperaturen om vinteren er 7,5 °C.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Mest folkerike kommunar[1]
# Kommune Folketal
1 Badajoz 145 257
2 Cáceres 90 218
3 Mérida 53 915
4 Plasencia 39 785
5 Don Benito 34 051
6 Almendralejo 31 424
7 Villanueva de la Serena 24 932
8 Navalmoral de la Mata 17 099
9 Zafra 16 417
10 Montijo 15 648

I 2006 hadde Extremadura 1 086 373 innbyggjarar. Folketettleiken er låg, 25,81 menneske per kilometer, samanlikna med resten av Spania (84,42).

Den mest folkerike provinsen er Badajoz, med 673 474 innbyggjarar. Med eit areal på 21 766 km² er han den største provinsen i Spania.

Dei viktigaste bysentra er Badajoz (143 748 innbyggjarar), Cáceres (90 218), Mérida (53 915) og Plasencia (39 874).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lusitania, ein gamal provins i Romarriket ligg omtrent der Portugal er i dag (bortsett frå området som i dag heiter Norte) og dei vestlege områda av det sentrale Spania, inkludert Extremadura. Mérida (regionsshovudstaden i Extremadura), vart hovudstaden i det romerske Lusitania og ein av dei viktigaste byane i Romarriket.

Mange av dei mest kjende conquistadorane frå Spania kom frå Extremadura, som Hernán Cortés, Francisco Pizarro, Pedro de Alvarado, Pedro de Valdivia, Inés Suárez, Francisco de Orellana, Pedro Gomez Duran y Chaves og Vasco Nunez de Balboa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Extremadura

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Source: INE, Instituto Nacional de Estadística (Spania). (01-01-2006). Real Decreto 1627/2006, de 29 de diciembre