Cathinka Lind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cathinka Lind
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1845
Vik kommune
Død

4. desember 1943 (98 år)

Yrke tekstilkunstnar

Anna Cathinka Lind (14. juni 18454. desember 1943) var ein norsk kunstvevar frå Vik i Sogn, busett i Jølster i Sunnfjord.

Cathinka Aal var dotter til ein doktor. Ho gifta seg med Andreas Lind, lensmann i Jølster i 49 år frå 1870 til 1919. I Jølster tok Cathinka Lind opp att den gamle teknikken med teppeveving og fekk sett opp ei vevstove. Dette førte til at veving som heimeyrke fekk mykje å seie i Jølster. Vevar frå verkstaden hennar vart spreidd både innanlands og til utlandet.

Ho vart utnemnd til heidersmedlem i Norsk Husflidslag i 1926.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]