Jølster kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jølster)
Jølster kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Skei
Areal 670 km²
 - land 621 km²
 - vatn 49 km²
Målform nynorsk
Ordførar Oddmund Klakegg (Sp)
Kommunenr. 1431
Kart
Jølster kommune
61°32′30″ N 6°24′32″ E
Wikimedia Commons: Jølster
Nettstad: www.jolster.kommune.no

Jølster er ein tidlegare norsk kommune som låg i Indre Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen grensa i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal. Det var to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden var i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei var kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har hatt eit mindre tilfang av innflyttarar. 1. januar 2020 vart Jølster del av nye Sunnfjord kommune.

Det høgste fjellet i kommunen var Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen krinsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg om lag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm.

Ein person som kjem frå Jølster vert kalla jølstring.

Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup. Biletet er målt i fleire versjonar og har motiv frå Jølster.

Geografiske og politiske skiljeliner[endre | endre wikiteksten]

Då tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggande, då ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen; anten på Skei eller på Vassenden.

Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline, som mellom anna har ført til at ein tidlegare berre hadde to bygdelister ved kommunevalet, ei for kvart kyrkjesokn. Desse listene er ikkje lenger i bruk, men førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørgje for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).

Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Les: Jølstramål)

Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Senterpartiet er det dominerande partiet i kommunestyret med 9 av 25 representantar. Like etter følgjer Arbeidarpartiet (fem representantar), Venstre (fire representantar) og Framstegspartiet (to representantar). Høgre, Kristeleg Folkeparti og SV er òg representerte i kommunestyret.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune med eit stort kraftverk i Stakaldefossen og eit nytt kraftverk under utbygging (pr. 2005) i området rundt Kjøsnesfjorden.

Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men meir overraskande er det nok at turismen òg har eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt hundreårsskiftet mellom 1890 og 1910, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.

Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.

Grender i Jølster[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå Eikåsnipa mot Jølstravatnet.
Foto: Sindre Skrede (2017)

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Jølster kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
2887a 2906a 2925a 2813a 2630a 2558 3002 2990 2968 2981
a Talet omfattar ikkje grunnkrinsen Førde, som var del av gamle Breim kommune fram til 1964, då han vart overført til Jølster kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar.

Kjende jølstringar[endre | endre wikiteksten]

Bilete av den unge prestesonen Nikolai Astrup, t.v.

Kunst og kultur[endre | endre wikiteksten]

Politikarar[endre | endre wikiteksten]

Ordførarar[endre | endre wikiteksten]

Ordførarar i Jølster
1838-1842
Thor Hanson
Veiteberg
1842-1844
Samuel N.
Dvergsdal
1844-1848
Anders E. J.
Aalhus
1848-1856
M. S. T.
Fasting
1856-1858
Samuel N.
Dvergsdal
1858-1861
Anders E. J.
Aalhus
1862-1864
Ludv. G.
Klakegg
1864-1872
Nils O.
Øvrebø
1872-1874
Anders K.
Myklebust
1874-1876
Anton K.
Øygard
1876-1878
Bendikt J.
Nedrebø
1878-1880
Anders K.
Myklebust
1880-1890
Sjur B.
Heggheim
1890-1892
Ole O.
Viken
1892-1899
Nils S.
Dvergsdal
1899-1911
Sjur B.
Heggheim
1911-1920
T. H.
Veiteberg
1920-1929
Ludv. D.
Klakegg
1929-1937
Nils O.
Øvrebø
1937-1942
A. K.
Øygard
1945-1951
A. K.
Øygard
1952-1965
Nils J.
Helgheim
1966-1973
Erling
Slåtten
1974-1981
Sverre P.
Befring
1982-1985
Anders
Helgheim
1986-1987
Arne
Sandnes
1988-1991
Normann
Aarseth
1992-1995
Knut O.
Øygard
1996-2011
Gerd
Dvergsdal
2011-
Oddmund
Klakegg

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Jølster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur