Cathy Freeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cathy Freeman


Statsborgarskap Australia
Fødd 16. februar 1973 (51 år)
Slade Point, Queensland
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 1994

Utmerkingar

Order of Australias medalje, Den olympiske orden, Den australske sportsmedaljen, Hundreårsmedaljen, Arthur Ashe Courage Award, Victorian Honour Roll of Women, Australian National Living Treasure, Young Australian of the Year, Athletics Australia Hall of Fame, Australian of the Year

Cathy Freeman, fullt namn Catherine Astrid Salome Freeman, (fødd 16. februar 1973) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Mackay i Queensland. Ho spesialiserte seg på 400 meter, og vart verdsmeister på distansen i 1997 og 1999, før ho toppa karrieren med å verte olympisk meister i heimlandet i år 2000.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Freeman ved start på 400 m under Sommar-OL 2000

Freeman fekk sitt internasjonale gjennombrot med siger på både 200 meter og 400 m under samveldeleikane i Victoria i august 1994, vinnartidane var 22,25 og 50,38 sekundar. Året etter vart ho nummer fire på 400 m i friidretts-VM, før ho i same meisterskapen spurta forbi Tyskland og sikra Australia bronse i 4 x 400 m stafett.

Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 gjorde Freemann unna sitt livs snøggaste 400-meter og sette personleg rekord med tida 48,63, likevel vart det sølvplass på henne, ettersom franske Marie-José Pérec også var i sitt livs form og kom i mål på 48,25 sekundar.

Sesongane 1997-2000 var Freeman den beste 400-meterløparen på kvinnesida. Ho vart verdsmeister på distansen i 1997 og gjentok prestasjonen i 1999. Begge gongane vann ho med knapp margin, i 1997 med to hundredels sekund til jamaicanske Sandie Richards og i 1999 med sju hundredels sekund til tyske Anja Rücker. Derimot vann ho klart då ho i 2000 til stor jubel frå tribunane i Sydney vart olympisk meister på tida 49,11 sekundar.

Freeman la opp i 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]