Cavalli Islands

Koordinatar: 34°58′S 173°58′E / 34.967°S 173.967°E / -34.967; 173.967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. juli 2008 kl. 18:45 av BepBot (diskusjon | bidrag) (Robot: Standardisert til 'Bakgrunnsstoff' for 'Lenkjer ut')
Cavalli Islands. Den knudrete åsen til høgre er den nordlege utstrekninga til Matauri Bay

Cavalli Islands er ei lita øygruppe i Whangaroa på austkysten til regionen NorthlandNordøya New Zealand. Dei ligg fem kilometer aust for havbukta Matauri Bay på Nordøya..

Gruppa består av øyene Motukawanui (areal 3,40 km²) og dei mindre øyene Motutapere, Panaki, Nukutaunga, Motuharakeke, Haraweka og Motukawaiti. Den største øya er gjort til eit naturreservat, nokre av dei mindre er i privat eige.

2. desember 1987 vart skroget til den sprengde Greenpeacebåten Rainbow Warrior senka mellom Matauri Bay og Cavalli Islands, for å tena som eit dykkemål og som reservat for fisk. Dette vart sett på som eit høveleg endelikt for dette skipet.

Bakgrunnsstoff


34°58′S 173°58′E / 34.967°S 173.967°E / -34.967; 173.967