Cdparanoia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cdparanoia
UtviklarXiph.Org Foundation
Nyaste versjon10.2 (11. september 2008)[1]
OperativsystemLinux, Unix-variant, BeOS
SjangerLydteknologi
TypeCD ripper
LisensGNU General Public License
Nettstadhttps://xiph.org/paranoia/

cdparanoia er ein CD-rippar for Linux og UNIX, som er laga for å overføra data så feilfritt som muleg frå CD til ei lydfil. cdparanoia er i stand til å kompensera for feiljusterte CD-lesarar. Det er støtte for lydfilformata Wave, AIFF, AIFF-C og raw.

cdparanoia starta som ein modifikasjon av cdda2wav, i 1994, men utvikla seg snart til eit eige prosjekt. Versjon III kom ut i 1998. Programmet er svært minimalistisk, men det finst fleire grafiske overbygg, som til dømes XCFA, som gjer det lettare å nytta. Slike overbygg legg som oftast òg til meir funksjonalitet, som støtte for fleire filformat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «CDDA Paranoia News». Henta 7. januar 2018.