Operativsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Operativsystemet sit mellom maskinvare og brukarprogramma.

Eit operativsystem, ofte forkorta OS, er systemprogramvare for datamaskiner som sit mellom maskinvaren og brukarprogram[1][2] Operativsystemet inneheld grunnleggande funksjonalitet som administrerer maskinvare (CPU, RAM, skjermkort, platelager, IO-einingar, osb.)[1][2]. Det tildeler og koordinerer ressursar til dei ulike oppgåvene som ei datamaskin utfører, slik at brukaren ikkje treng å ha kunnskapar om teknologien og kan konsentrera seg om typiske brukaroppgåver, som å redigera tekst, laga grafikk, redigera musikk og video, lesa og senda e-post, nytta internett osb.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

I botnen ligg maskinvaren, som ikkje er ein del av operativsystemet, men som blir kontrollert av operativsystemet. Heilt på toppen ligg programvaren og vindaugshandsamaren, det programmet som organiserer programma i vindauge og sørgjer for at meir enn eitt program kan synast på skjermen samstundes. Det er desse to delane av systemet som brukaren merkar noko til. I mellom programma og maskinvaren ligg kjernen. Kjernen er den sentrale delen i eit operativsystem, sjølve fundamentet. Det er kjernen som bestemmer korleis programvaren skal ha tilgang til maskinvaren. Den er eit bindeledd mellom maskinvaren og resten av systemet.

Ulike operativsystem[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange ulike operativsystem. UNIX er blant dei eldste operativsystema som framleis er i bruk. Linux er ein avart av UNIX. Mellom andre UNIX-avarter finn ein Berkeley Software Distribution (BSD) og versjonar av denne som FreeBSD, NetBSD og OpenBSD

Seinare kom òg MS-DOS og DR-DOS der DOS står for Disk Operating System. Det mest brukte operativsystemet i dag er truleg Microsoft Windows i fleire ulike versjonar. IBM hadde ein periode suksess med sitt OS/2, og Macintosh-maskiner brukar Mac OS. Nye Mac’ar køyrer Mac OS X, som er basert på UNIX.

I tillegg til desse, som er de mest kjende, finst det også fleire alternative operativsystem. Mellom desse er BeOS som ikkje lenger blir utvikla. Men det er fleire nye operativsystem under utvikling som er klonar av eller inspirert av BeOS. Eitt av desse er Haiku. Andre alternative operativsystem under utvikling er Syllable og SkyOS.

Også samtidas store teknologiske nyhende mobiltelefonen brukar operativsystem. Tidlegare var desse ganske primitive, men etter kvart som mobilane har vorte kraftigare og fått fleire bruksområde har òg mobiltelefonoperativsystema òg vorte meir utbygde. Dette er særleg noko som har kome med inntoget av fargeskjermen og kameramobilane. Døme på operativsystem for mobil er: Android, Symbian, Windows CE og Linux.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eit moderne datasystem er bygd opp av komponentar som prosessor, hovudminne, inn- og uteiningar, lagringseiningar med meir. Operativsystemet held styr på komponentane og gjer applikasjonsprogramma tilgang til dei. På denne måten treng ikkje alle programmarar å kjenne til detaljane ved å nytte dei ofte komplekse einingane, eller korleis eit program skal dele desse med andre program. Operativsystemet kan bli sett på som eit lag som skil applikasjonsprogramvara frå den ofte meir komplekse maskinvaren.

Forskjellige datamaskiner nyttar ofte ulike typar maskinvare. Ein applikasjon skriven til ein type datamaskin vil då ikkje nødvendigvis køyre på ein annan. Men eit operativsystem kan nytast til fleire typar maskiner, noko som gjer at operativsystemet verkar som ein felles plattform utviklaren av ein applikasjon kan nytte seg av, utan å tenkje på dei ulike typane maskinvare ulike brukarar har.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verdens fyrste datamaskin, Charles Babbage sin mekaniske «analytiske maskin» frå 1800-talet, nytta ikkje eit operativsystem. Babbage brukte mesteparten av sitt liv og sin formue på å få denne til å fungere, men utan større suksess, då mekaniske element på den tida ikkje hadde presisjonen som skulle til. Etter dette var det lita utvikling fram til rundt andre verdskrig, der mellom anna Howard Aiken, John von Neumann, J. Presper Eckert og William Mauchley i USA og Konrad Zuse i Tyskland laga datamaskiner som fylte heile rom med titusenvis av vakuumrøyr. Desse datamaskinene blei utvikla, bygga, programmert og drifta av den same gruppa menneskjer, og hadde heller ikkje noko operativsystem å snakke om. All programmering skjedde i maskinspråk, ved å til dømes å plugge inn leidningar i riktige hull. Så å si alle problema desse maskinene løyste bestod av enkel aritmetikk, som til dømes å lage store tabellar av sinus og cosinus.

På 1950-talet blei transistoren utvikla, og bilete endra seg radikalt. No blei det ulike menneskjer som stod for utvikling, bygging, programmering og drift av datamaskinene, og programmer blei lagra på holkort som dei forskjellige utviklarane kunne ta med seg ned i datarommet og køyre. Programmeringsspråk som Fortran dukka òg opp. Sidan mykje tid gjekk med til å bytte holkort, handsama utskrifter og liknande, såg ein snøgt at eit betre system var naudsynt. Ein gjekk over til å lesa inn ein stabel holkort på magnetband, som vart køyrde som datamaskina vart ledig. Ofte var det fleire datamaskiner involvert, éin som kopierte informasjonen frå holkort til magnetband og éin som køyrde programkoden (til dømes IBM 1401 og IBM 7094)[1].

Ein typisk batchjobb under FMS

Ein typisk jobb er illustrert i figuren til høgre. Den bestod av eit innkort, eit kort med instruksjonar om kva som skulle lastast, ei rekke kort som inneheldt programkode, eit kort som fortalte datamaskina at programmet som akkurat var kompilert skulle lastast inn i minnet, eit kort som fortalte datamaskina at programmet skulle køyre, eit sett kort med data som skulle nyttast under køyringa og eit kort som fortalte at stabelen med kort var slutt. Kontrollkorta kan bli sett på som ein forgjengar til dagens skriptspråk og kommandotolkarar.

Operativsystem på denne typen inkluderte FMS (Fortran Monitor System) og IBSYS, IBM sitt operativsystem for 7094-modellen[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 A. Tanenbaum, Modern Operating Systems, 4. utg., Pearson, 2014.
  2. 2,0 2,1 W. Stallings, Operating systems - Internals and design prinsiples, 8. utg., Pearson, 2015.