Cebu
Cebu cebuano Sugbo | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Cebu | |||
Wikimedia Commons: Cebu (province) | |||
Cebu er ei øy og ein provins i landsdelen Visayas i Filippinane. Ho har eit flatemål på 4 468 km², med om lag 3,6 millionar ibuarar. 2,3 millionar av desse bur i byen Cebu.
Øya er 225 kilometer lang, men berre 45 km på det vidaste. På langs av øya går det ei fjellkjede med opp til 1000 meter over havet høge toppar. Cebu ligg mellom den større øya Negros i vest og øyane Leyte og Bohol i aust.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Cebu» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2014.