Negros
Negros er den største øya i øygruppa Visayas i Filippinane, og den tredje største i heile landet.
Øya Negros har eit flatemål på 13 328 km², med om lag 3,6 millionar ibuarar i 2007. Dei største byane er Bacolod i nord, Kabankalan i vest og Dumaguete i søraust. Øya Negros omfattar provinsane Aust-Negros og Vest-Negros. Talemålet i den vestlege provinsen er hiligaynon, medan ein aust talar cebuano.
Negros ligg mellom øyane Panay i nordvest og Cebu i aust. Sørvest for Negros breier Suluhavet seg, i nordaust er innhavet Visayahavet. Landskapet er prega av vulkanske fjell og fjellkjeder som Cuernos dos Negros, Mandalagan, Kanlaon (2 435 moh) og Silay. I nordvest og aust er det vide sletter, nytta til jordbruk. Øya Negros er den største produsenten av sukkerrøyr i Filippinane, om lag 60% av all produksjon i landet, elles vert dyrka mykje bomull. Sør på øya er eit 50 kilometer breitt våtmarskområde kring utlaupet av elva Ilog.
Folk på øya gjorde i november 1898 opprør mot den spanske kolonikmakta, og proklamerte 27. november same året Negros for sjølvstendig republikk. Republikken vart oppløyst 30. april 1901 av dei nye koloniherrane frå USA.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Negros» frå Wikipedia på tysk, den 15. november 2013.