Cecilia Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilia Young
Føddjanuar 1712
FødestadLondon
Død6. oktober 1789
DødsstadLondon
OpphavKongeriket Storbritannia
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar
FarCharles Young
Gift medThomas Augustine Arne
BornMichael Arne

Cecilia Young, som gift Cecilia Arne (januar 1712–6. oktober 1789) var ein av dei største engelske sopranane på 1700-talet. Ho var gift med komponisten Thomas Arne og var mor til komponisten Michael Arne. Ho tilhøyrde ein velkjend engelsk musikalsk familie som omfatta fleire profesjonelle songarar og organistar. Young hadde stor suksess gjennom det nære samarbeidet sitt med George Frideric Handel. Ho var med i fleire oratorium og operaer av han, mellom anna ved premierane av Ariodante (1735), Alcina (1735), Alexander's Feast (1736) og Saul (1739).[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Cecilia Young blei fødd i London ein gong i januar 1712 og ble døypt den 7. februar. Young-familien var kjende musikarar, med både far hennar, Charles Young, og farbroren Anthony Young, var kjende organistar og mindre kjende komponistar. I tillegg til Cecilia, som var den eldste av fire, var også dei yngre systrene hennar Isabella og Esther songarar som fekk suksess. Den yngre broren Charles hadde ei stilling ved Finandsepartementet, og var ikkje professjonell musikar, men døtrene hans Isabella, Elizabeth og Polly følgde i fotspora til fastrene sine og blei også songarar med suksess.[2]

Young fekk fyrst opplæring i musikk av faren, men blei etterkvart ein elev av Francesco Geminiani. Ho debuterte som profesjonell songar i ei rad konsertar i mars 1730. To år seinare hadde ho operadebuten sin i ei oppsetjing av John Frederick Lampe, svogeren sin, og J.S. Smith. Ho var med i fleire av operaene deira dei neste to åra. Gjennom tilknytinga til Lampe møtte Young den unge komponisten og framtidige ektemannen sin, Thomas Arne. Ho var med i den fyrste operaen hans Rosamund, som hadde premiere 7. mars 1733.[1]

I 1734 møtte Young komponisten George Frideric Handel etter at han hadde høyrd ein konsert ho heldt. Han var imponert over den unge songaren, og bestemte seg strakt for å hyra henne til rolla som Dalinda i operaen han arbeidde med, Ariodante. Verket hadde premiere ved Covent Garden Theatre den 8. januar 1735, og Young, i lag med resten av besetninga, blei teke entusiastisk imot. Dette var byrjinga på ei fruktbart samarbeid mellom Young og Handel som skulle vare det neste tiåret. Ho var med i fleire av produksjonane hans, mellom anna i rolla som Morgana i urpremieren på Alcina (1735) og i urpremierane på oratoria Alexander's Feast (1736) og Saul (1739). Ho song også tittelrolla i den fyrste London-framføring av Athalia, og tok del i fleire gjenoppsetjingar av verka til Handel tidleg på 1740-talet.[1]

Midten av livet og karrieren[endre | endre wikiteksten]

Thomas Augustine Arne

I 1736 var Young i eit romantisk forhold med Thomas Arne. Far hennar var imot at dei skulle gifta seg, ettersom Arne var katolikk og ikkje følgde læra til Den engelske kyrkja. Trass i motstanden frå faren gifta Young seg med Arne den 15. mars 1737. Deretter opptredde ho i fleire av sceneverka til ektemannen, mellom anna dei svært populære maskespela Comus (1738), Alfred (1740) og The Judgement of Paris (1742).[2] Young sine song- og skodespelartalent blei viktige delar av den tidlege suksessen hans.[1]

Anten seint i 1740 eller tidleg i 1741 fødde Young det einaste barnet sitt, den framtidige komponisten Michael Arne. Fram til no hadde karrieren til Young nesten berre vore i London. Dette endra seg etter at svigerinna hennar, den kjende songaren og skodespelaren Susannah Arne drog til Dublin i desember 1741 for å koma unna skandalen kring det nyleg havarerte ekteskapet hennar med skodespelaren Theophilus Cibber. Susannah byrja opptre i Dublin i lag med Handel våren 1742, og hadde stor suksess med urframføringa av Messiah der den 13. april. Suksessen inspirerte Thomas Arne og Cecilia til å prøva lukka i Dublin, og dei kom dit i juni, i lag med tenoren Thomas Lowe. Ekteparet Arne blei verande i Dublin i to sesongar, og framførte fleire oratorium av Handel i tillegg til fleire av verka til Thomas. Young song i dei fleste av desse konsertane, som i premieren på ektemannen sitt fyrste oratorium, The Death of Abel ved Smock Alley Theatre den 18. februar 1744. Young heldt også ein solokonsert i Dublin dette året som fekk ei entusiastisk mottaking.[1]

Ekteparet vendte tilbake til London i august 1744. Kort tid seinare byrja Thomas Arne eit langvarig og nyttig samband med lysthagar i London, der konsertar med song blei utbreidd som underhaldning. Han blei utnemnd til offisiell komponist for Vauxhall Gardens i 1745, og presenterte også material i Marylebone og Ranelagh Gardens. Young song i fleire av desse konsertane i 1745 og 1746, mellom anna Colin and Phoebe, som ifølgje Charles Burney blei "constantly encored every night for more than three months".[1]

Seinare liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1746 byrja Young å ha tilbakevendande helseproblem som kom til å plaga henne resten av livet. Som eit resultat blei songframsyningane hennar mykje sjeldnare, og ho dukka berre opp i ein handfull sceneroller i løpet av det neste tiåret. Den siste var som Britannia i Eliza av Arne i 1754. Talet på konsertar blei også sterkt redusert, og hennar einaste opptredenar verde å merka seg var ein ein vinterkonsertsesong i 1748 i Dublin med paret Lampe, der ho song rolla som Galatea i Acis and Galatea av Handel, og nokre få konsertar i London i perioden 1747–1754.[2] Ekteskapet til Young var også i ferd med å bli stadig meir ulukkeleg. I 1755 vendte ekteparet tilbake til Dublin for å opptre ved Smock Alley Theatre.I løpet av opphaldet braut ekteskapet saman for godt, og Thomas forlet Cecilia i Irland i lag med den unge niesa Polly. Thomas søkte om juridisk separasjon med grunngjeving om at ho var mentalt sjuk. Han gjekk med på å støtta henne med 40 pund i året, men i 1758 skreiv vennen hennar Mrs Delany at ho levde i tronge kår og måtte leva av songundervising i Downpatrick.[1]

Cecilia Young og Polly vendte tilbake til London i 1762. Ho hadde berre ei kjend offentleg førestilling då ho dukka opp på ein veldedig konsert for Polly og mannen hennar, komponisten François-Hippolyte Barthélémon, i 1774. Ho blei forsona med ektemannen kort tid før han døydde i 1778. Deretter budde ho i lag med Polly og François til ho døydde i London i 1789.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Olive Baldwin, Thelma Wilson: "Cecilia Young", Grove Music Online red. L. Macy (vitja 9. januar 2009), (subscription access)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Biography of Cecilia Young on Operissimo.com; vitja 13. januar 2008 Arkivert 17. juli 2011 ved Wayback Machine.