Cellevegg
Utsjånad

Cellevegg er det solide laget rundt ei celle. Han gjev cella form, strukturell støtte, vern og fungerer som ein selektiv barriere.[1] Hovudoppgåva til celleveggen er å verna det indre av cella mot fysiske rørsler som kan skade ho.
Dei fleste prokaryotar har celleveggar, unntaket er bakterieklassen Mollicutes. Blant eukaryotar finn ein celleveggar hjå soppar, algar og plantar, men ikkje hjå dyr og mange andre takson.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Romaniuk JA, Cegelski L (oktober 2015). «Bacterial cell wall composition and the influence of antibiotics by cell-wall and whole-cell NMR». Philosophical Transactions of the Royal Society of London. Series B, Biological Sciences 370 (1679). PMC 4632600. PMID 26370936. doi:10.1098/rstb.2015.0024.