Protozo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tøffeldyret Paramecium

Protozoar (frå gresk, «første dyr») er eincella mikroorganismar med visse dyreliknande trekk. Dei har eukaryot celle og eit heterotroft levesett, men til skilnad frå dyr og sopp har dei lita eller inga differansiering mellom ulike celletypar. Ein finn dei helst i havet og i ferskvatn, kor dei utgjer ein viktig del av dyreplanktonet, men òg i vanleg jord og som parasittar på andre organismar.

Det finst godt over 50 000 beskrivne artar protozoar, og dei representerer eit vell av ulike eukaryote utviklingslinjer. På grunn av dette er ikkje gruppa ei gyldig biologisk gruppe.

Oppbygnad[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste protozoar er eincella og syter for alle livsfunksjonane sine ved hjelp av organellane sine; det vil seie at alt organismen gjer vert styrt av undercellulære prosessar. Mange grupper protozoar har òg artar som dannar koloniar, stundom med ei viss grad av cellespesialisering.

Det er elles stor variasjon mellom dei ulike gruppene protozoar når det kjem til både cellestruktur og levesett.

Typar av protozoar[endre | endre wikiteksten]

Zooflagellatar[endre | endre wikiteksten]

Zooflagellatane er den mest primitive gruppa protozoar. Dette er òg ei kunstig gruppe, som har oppstått fleire gongar. Dei vert kjenneteikna av ei eller fleire lange flagellar, piskeliknande «halar» dei nyttar til rørsle. Dei vert kalla «zoo»-flagellatar for å skilja dei frå dei planteliknande flagellatane.

Mellom zooflagellatane finn me mellom anna Trypanosoma, som er ein parasitt som fører til sovesjuke i menneske. Det er òg her me finn giardiaparasitten, og krageflagellatane som er systergruppa til dei fleircella dyra.

Ciliatar[endre | endre wikiteksten]

Ciliatane, som òg vert kalla flimmerdyr, er dei mest komplekse eincella organismane me kjenner til. Dei vert kjenneteikna av flimmerhåra sine, som anten veks over heile celleoverflata eller i band eller kantar. Dei slår i takt for å forflytta organismen gjennom vatnet.

Ciliatar skil seg vidare ut ved å ha to ulike slags cellekjernar. Makronukleus er polyploid (har genomet i mange kopiar]] og sentralt plassert, og kodar enzym for stoffskiftet. Mikronuklea, som det kan vera så mange som 80 av i kvar celle, driv berre med seksuell reproduksjon.

Mange ciliatar har ei såkalla «cellemunn»; ei spalte dei tek opp næringspartiklar med. Innanfor denne vert næringen putta i ei såkalla matvakuole, som fusjonerer med lysosom og vert melta.

Dei fleste ciliatar er frittlevande, til dømes tøffeldyret Paramecium. Det finst òg mange symbiontar, mellom anna med kyr. Arten Balantidium coli er den einaste kjende arten som kan årsaka sjukdom; vertane hans får ei form for dysenteri.

Amøbar[endre | endre wikiteksten]

Amøbar er lett å kjenne att på dei såkalla pseudopodiane (=«falske føter»), som er mellombelse celleutvekstar dyret flytter seg med. Denne måten å røra seg på fører til at organismen heile tida skiftar kroppsform. Pseudopodiane vert òg nytta til å fanga og ta opp mat.

Dei fleste amøbar er frittlevande i vatn, særleg i botnområde. Den viktige parasitten Entamoeba histolytica, som fører til amøbedysenteri, høyrer òg med i gruppa. Mellom 50 000 og 100 000 menneske døyr kvart år av sjukdommen.

Somme amøbar har harde skal utanpå cella si. Desse høyrer til gruppene Foraminafera og Radiolaria, som har skal av høvesvis kalk og kisel. Skala deira er viktige i sedimentering, mellom anna består dei kvite klippene ved Dover for det meste av kalk frå foraminaferar.

Sporozoar[endre | endre wikiteksten]

Alle sporozoane er parasittar på dyr. Dei har særs komplekse livssyklar som involverer fleire vertar og både haploide og diploide fasar. Det viktigaste kjenneteiknet deira er det sporeliknande livsstadiet sporozoiten, som er ein sporeliknande tilstand dyra går inn i i samband med overføring mellom vertar.

Eit døme på ein sporozo er malariaparasitten Plasmodium.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.