Cergy
Utsjånad
| Cergy | |
|---|---|
| Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Val-d'Oise |
| Flatevidd | 11,65 km² |
| Flatevidd • By |
11,65 km² |
| Innbyggjarar • By (2005) - folketettleik |
54 400 4 670/km² |
| Koordinatar | 49°02′01″N 02°03′47″E / 49.03361°N 2.06306°E |
| Høgd | 25 m |
| Nettstad: www.ville-cergy.fr | |
Cergy er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 27,8 km frå Paris sentrum i den «nye byen» Cergy-Pontoise som vart oppretta i 1960-åra, og har eit folketal på rundt 55 000 innbyggjarar.
Sjølv om nabokommunen Pontoise offisielt er préfecture (hovudstad) i departementet Val-d'Oise, ligg prefecture-bygningen og administrasjonen, i tillegg til rådsforsamlinga (conseil général) i kommunen Cergy, som vert rekna som ein de facto hovudstad i Val-d'Oise. Sous-préfecture-bygningen og administrasjonen ligg derimot i kommunen Pontoise.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Cergy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Sergiacum, som tyder «eigedomen til Sergius», ein gallo-romersk landeigar.
