Certeparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Certeparti (engelsk Charter-party) er eit dokument som inneheld transportavtala mellom ein frakter og ein skipseigar. Det finst ei rekkje internasjonalt anerkjende standardcerteparti.

Namnet kjem av latin charta partita, som direkte omsett tyder 'delt avtale'. Dette viser til at avtala vert laga i to identiske eksemplar, eit til frakteren og eit til skipseigaren.

Ei slik avtale kan gjelda leige av skip (med eller utan mannskap) for gods- eller passasjerfrakt for eit visst tidsrom eller ei strekning, eller frakt av nærare spesifisert gods eller passasjerar for ei viss strekning. Avtala inneheld typisk opplysingar om namnet på skipet, storleik og satsane for frakt.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]