Cetinje
| Cetinje | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Land |
Montenegro | ||
| Grunnlagd | 1482 | ||
| Borgarmeister | Nikola Đurašković | ||
| Flatevidd | 910 km² | ||
| Innbyggjarar • Kommune (2023) • Byområde |
14 494 13 918 (2011)[1] | ||
| Koordinatar | 42°23′N 18°55′E / 42.383°N 18.917°E | ||
| Høgd | 650 m | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| Postnummer | 81250 | ||
| Retningsnummer | +382 86 | ||
| Bilnummer | CT | ||
| Nettstad: www | |||
|
| |||
Cetinje (kyrillisk Никшић, italiensk Cettigne, gresk Κετίγνη, Ketígni, tyrkisk Çetine) er ein by og ein kommune i Montenegro. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 14 494 innbyggjarar.[2]
Cetinje var tidlegare hovudstad i Montenegro og offisiell residens for presidenten av Montenegro. Kommunen har ein særleg status som historisk hovudstad og blir offisielt omtala som «den gamle kongelege hovudstaden Cetinje» (Prijestonica Cetinje / Пријестоница Цетиње).
Byen ligg sør i kommunen med same namn på ei lita karstslette omgjeve av kalksteinsfjell, inkludert Lovćen, «det svarte fjellet» som Montenegro har fått namnet sitt etter.
Cetinje er ein by med stor historisk arv og vart grunnlagd i 1482. Han var eit senter for montenegrinsk liv og er krubba til både montenegrinsk og serbisk kultur og eit religiøst senter for den ortodokse kyrkja. Dette og den lange tida byen klarte å stå imot invasjonen til Det osmanske riket gjorde at han vart kalla «Serbisk Sparta» (Српска Спарта).
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen:
| Folketal 2003[3] | Folketal 2011[1] | Folketal 2023[2] | |
|---|---|---|---|
| Cetinje | 15 137 | 13 918 | |
| Bajice | 857 | 781 | |
| Rijeka Crnojevića | 216 | 175 | |
| Zabrđe | 148 | 119 | |
| Erakovići | 113 | 95 | |
| Kommunen Cetinje | 18 482 | 16 657 | 14 494 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cetinje» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «POPIS 2011 - podaci (Folketeljing 2011 – data)». Monstat. 2011. Henta 11. september 2024.
- 1 2 «The 2023 Census of Population, Households, and Dwellings: Population of Montenegro by Sex and Age» (PDF). Monstat. 15. oktober 2024. Henta 22. mars 2025. «Table 1. Population of Montenegro, by municipalities»
- ↑ «Population – National or ethnic affiliation: Data by settlements and municipalities». Monstat. 2004. Henta 22. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side Arkivert 2010-02-01 ved Wayback Machine.
- Visit-Montenegro.com Arkivert 2015-04-18 ved Wayback Machine.
- Photo-Montenegro.com Arkivert 2006-09-08 ved Wayback Machine.

