Hopp til innhald

Chacaosundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Chacaokanalen)
Chacaosundet
sund
Chacao-sundet med Chiloé til venstre, og fastlandet til høgre, sett frå aust i retning Stillehavet i vest
Land  Chile
Region Los Lagos-regionen
Kart
Chacaosundet
41°47′12″S 73°31′59″W / 41.78674°S 73.53295°W / -41.78674; -73.53295
Wikimedia Commons: Canal de Chacao

Chacaosundet eller Chacaokanalen (spansk Canal de Chacao) i Los Lagos-regionen i Chile, skil Chiloé-øya frå fastlandet.

Sundet gjev ei opning med skipslei frå Ancudfjorden ut mot Stillehavet. På det smalaste er sundet ca. 2300 meter breitt.[1] Leia har ei minste djupne på 12 famnar (22 meter) og straumtilhøva er rekna som farlege.[2]

Sundet vart skapt under dei kvartære istidene med etterfølgjande isbrear som rann ned frå Andesfjella til kysten.

Ei bru over sundet er under bygging og er planlagt tatt i bruk tidleg i 2026. Per november 2022 er nær ein tredel av byggearbeidet fullført. Brua vil ha fire køyrefelt, ho vil bli den lengste hengebrua i Latin-Amerika og skal haldeast oppe av tre betongtårn, kvart ca. 200 meter høgt.[3] Eit konsortium på tre selskap, medrekna det norske Aas-Jakobsen, fekk kontrakten på prosjektet i 2014.[4]

Ei kraftleidning i luftspenn med ei spennlengd på 2680 meter som kryssar Chacaosundet blei tatt i bruk i 1993. Tårna i kvar ende av dette spennet er 179 meter høge.[5]

Kart over Chacaosundet
Referansar
  1. Google Earth
  2. United States. Defense Mapping Agency. Hydrographic Center (1976). Sailing directions for South America. Defense Mapping Agency, Hydrographic Center. s. 338. 
  3. José Manuel Alvarado, Soychiloé, Puente Chacao alcanza un 32% de avance: se encontraría operativo en 2026. 18. november 2022. Henta 6. mars 2023
  4. Chacao Bridge - Chile Informasjonsside om Chacao-brua frå ingeniørselskapet Aas-Jakobsen. Henta 5. mars 2023
  5. Transelec S.A. Transelec annual report 2014, s.8. Henta 5. mars 2023

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Chacaosundet