Hopp til innhald

Andes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Andesfjella)
Andes
fjellkjede
Land  Bolivia,  Chile  Colombia,  Ecuador  Peru,  Venezuela  Argentina
Kart
Andes
21°49′34″S 66°41′53″W / 21.826°S 66.698°W / -21.826; -66.698
Wikimedia Commons: Andes

Andes eller Andesfjella er ei enorm samanhengande fjellkjede nær vestkysten av Sør-Amerika. Fjellkjeda er kring 7000 km lang, opp til 500 km brei og har ei middelhøgd på ca. 4000 meter. Ho er den lengste kontinentale fjellkjeda i verda.[1] Namnet Andes kjem truleg frå quechua andi, og tyder ‘aust’.[2]

Grovt sett er Andesfjella sett saman av to store fjellkjeder med eit nedsøkkt mellomområde. Nokre stader reiser det seg andre mindre fjellkjeder mellom dei to store som til dømes Cordillera de la Costa i Chile. Andre mindre kjeder folder seg opp ved sida av dei to store. Cordillera de la Costa byrjar i det ytre sørlege punkt på kontinentet, går i ei nordleg retning parallelt med kysten og vert lengst sør broten opp til øyar som vidare nord former den vestlege grensa av det sentrale nedsøkkte dalliknande landskapet i nord-sør retning i Chile. Denne kystkjeda held fram nordetter som mindre rygger eller meir isolerte høgder langs Stillehavet så langt nord som til Venezuela. Sju land har område som overlappar Andes: Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela.

Andesfjella ved Argentina

Andes er det høgste fjellområde i verda utanom Asia med eit høgste fjell Aconcagua på grensa mellom Chile og Argentina, på 6,959 moh. Toppen av Chimborazo i Ecuador er målt til å vere det punktet på jorda som ligg lengst ute frå jordsenteret fordi jorda er ellipseforma. Om ikkje Andes når opp til Himalaya i høgd, så er Andes like vid og meir enn dobbelt så lang.

Fjelltoppar

[endre | endre wikiteksten]

Liste av nokre av fjelltoppane på over 5000 moh.

Licancabur i Bolivia/Chile
Llullaillaco i Chile/Argentina
Chimborazo i Ecuador
Alpamayo i Peru
El Misti i Peru

Bolivia/Chile

[endre | endre wikiteksten]

Chile/Argentina

[endre | endre wikiteksten]
  1. «The Andes - Longest continental mountain range». Guinness World Records (på engelsk). Arkivert frå originalen 30. mai 2024. Henta 21. oktober 2025.
  2. Teofilo Laime Ajacopa, Diccionario Bilingüe Iskay simipi yuyayk'ancha, La Paz, 2007 (Quechua–Spanish dictionary)