Chaloner Ogle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chaloner Ogle
Chaloner Ogle.JPG
Fødd 1681
Saint Kitts
Død

11. april 1750
London

Yrke politikar

Sir Chaloner Ogle (16811750) var ein britisk admiral.

I 1721 kommanderte han HMS «Swallow» i kamp utanfor vestkysten av Afrika. I 1722 slo han sjørøvarflåten til Bartholomew Roberts og for dette vart han slått til riddar. Han var den einaste britiske marineoffiseren som fekk denne æra for det han gjorde mot sjørøvarar. Han tente òg på dette og tok gullstøv frå to av skipa til Roberts. Mannskapet hans fekk ikkje sin del før Ogle motvillig gav frå seg det dei rettmessig hadde krav på tre år seinare.

I 1741 leia han det britiske åtaket mot dei tre forta i Cartagena i Colombia under eit mislukka felttog i krigen om øyra til Jenkins.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]