Cartagena i Colombia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For byen med same namn i Europa, sjå Cartagena i Spania.
Cartagena de Indias
Bocagrande i Cartagena. Foto: FreddySampayo
Bocagrande i Cartagena.
Foto: FreddySampayo
Styresmakter
Land Colombia
Grunnlagd 1. juni 1533
Mayor Dionisio Vélez Trujillo
Geografi
Flatevidd
 - By

572 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

895 400
Koordinatar 10°24′″N 75°30′″WKoordinatar: 10°24′″N 75°30′″W
Høgd over havet 2 m
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Postnummer 130000
Telefon-retningsnummer 57 + 5
Nettstad: www.cartagena.gov.co
Plassering
Colombia - Bolívar - Cartagena de Indias.svg

Cartagena, òg kjent som Cartagena de Indias, er ein stor hamneby ved den karibiske kysten nord i Colombia. Han er administrativ huvudstad for departementet Bolívar.

Cartagena møter Det karibiske havet i vest. I sør ligg Cartagena-bukta (Bahia de Cartagena) med dei to innfartsleiene Bocachica i sør og Bocagrande i nord.

UNESCO klassifiserte hamna, festningane og monumenta i gamle Cartagena som Colombias første verdsarv frå 1984.

Cartagena, San Filipe de Barajas fort
Foto: Wikimedia-brukar Moyogo

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blei skipa i 1533 av Pedro de Heredia og fekk namn etter Cartagena i Spania. Under den spanske koloniseringa var byen eit viktig sentrum for nye busettingar i Amerika og er jamvel i dag eit økonomisk knutepunkt som trekk til seg mykje turisme.

På 1500- og 1600-talet var Cartagena ein del av den spanske interessesfæren, ei av de viktigaste hamna for spansk skatteinnkreving og dermed òg eit huvudmål for brittiske og franske piratar og kaperar. Til dømes plyndra Francis Drake byen i 1580.

Ein finn framleis mange av dei gamle slotta i Cartagena: San Felipe de Barajas-slottet, bygd mellom 1536 og 1657; muren omkring den gamle byen, las Murallas; undervassmuren langs Bocagrande bygd mellom 1771 og 1778, og dei to forta San Jose og San Fernando, begge bygde mellom 1751 og 1759 ved Bocachica.

Det finst mange koloniale bygningar i den gamla bydelen, blant anna inkvisitasjonspalasset, ein katedral, nonneklosteret Santa Clara (i dag eit hotell) og ein jesuitskole.

Storbyområdet[endre | endre wikiteksten]

Cartagena by hadde 876 334 innbyggjarar i år 2008, totalt 923 219 om ein tel med heile kommunen på 570 km².[1]

Byregionen Cartagena, Área Metropolitana de Cartagena, består av fem kommunar med totalt 1 026 889 innbyggjarar i år 2008 på ein areal av 1 361 km².[1] Utenom Cartagena inngår kommunane Clemencia, Santa Catalina, Turbaco og Turbaná i området.

Staden idag[endre | endre wikiteksten]

Gate i Cartagena, gamlebyen
Foto: Louise Wolff

Sør for Murallas og på halvøya Bocagrande ligg den nye byen. Det er ein av Colombias størsta hamner og endepunktet på ein lang oljeleidning. Nord for byen ligg Rafael Núñez internasjonale lufthamn. Cartagena huser òg Colombias størsta karibiske marinebase, med namnet A.R.C Bolívar.

Omkring 30 km søraust for Cartagena ligg Islas de Rosario, eit verna område med eit vattenland med trente delfinar og mange tropiska fiskar og haiar.

Klimaet i Cartagena varierer særs lite gjennom årstidene. Høgste døgnmiddeltemperatur i løpet av eit år er 31 °C og lågste er 24 °C. Cartagena har òg 90 % luftfukt og har ein regnperiode som normalt tar til i oktober. Totalt fell det cirka 1 000 mm regn i Cartagena gjennom eit år.

Cartagena på film[endre | endre wikiteksten]

Delar av filmen Kampen om den grøne diamanten (Romancing the Stone) frå 1984, i regi av Robert Zemeckis, utspelar seg i Cartagena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cartagena i Colombia