Hopp til innhald

Changde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Changde (gul) i Hunan
Satelittfoto av byen Changde

Changde (kinesisk: 常德; pinyin: Chángdé) er eit byprefektur nord i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina, på grensa mot provinsen Hubei. Byprefekturet har eit areal på 18 189 km² og 5 717 218 innbyggjarar i 2010. Av desse budde 1 232 182 menneske i storbyen.

Byprefekturet Changde omfattar to distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og seks fylke (县 xiàn).

Byen er eit administrativt senter og ein utskipningsstad for olje, korn, bomull, medisinske urter, tekstilar, lær og foredla matvarer.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 207 fører gjennom prefekturet, gjennom fylka Li og Linli og sjølve byen Changde. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa til Mongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.

Byen vart grunnlagt under Han-dynastiet. Han har elvehamn, og var på 1800-talet ein av dei mange byane som etter opiumskrigane vart tvinga til å opne seg for utanrikshandel.

I 1975 vart Changde hardt råka av tyfonen Nina.