Charles Fefferman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Fefferman

Fødd18. april 1949
Washington
NasjonalitetUSA
Områdematematikk
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarPrinceton University
University of Chicago
Alma materPrinceton University
DoktorgradsrettleiarElias M. Stein
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences

Charles Fefferman (fødd 18. april 1949) er ein amerikansk matematikar.

Fefferman er vorte skildra som eit matematisk «vedunderbarn» og meistra til dømes differensialrekning då han var 12 år gammal. Mastergraden fullførte han med høgaste karakter ved University of Maryland i 1966, 17 år gammal og han tok doktorgraden ved Princeton University i 1969.

Han underviste ved Princeton eitt år og frå 1970 til 1973 var han ved University of Chicago. I 1971 fekk han full professorstilling, som den yngste gjennom tidene i USA. Han kom attende til Princeton University i 1973. I 1978 mottok han Fields-medaljen for resultata sine innan matematisk analyse. Han har særleg arbeidd med fourieranalyse, funksjoner med fleire komplekse variablar og partielle differensiallikningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]