Charles Greeley Abbot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Greeley Abbot

Charles Greeley Abbot (31. mai 187217. desember 1973)[1] var ein amerikansk astronom som spesialiserte seg på solstråling og effekten hennar på klimaet til jorda. Han var direktør ved Smithsonian Astrophysical Observatory frå 1907. Abbot vart fødd i Wilton, New Hampshire.

Han gjorde ein særs nøyaktig fastsetjing av solkonstanten, sette saman det første nøyaktige kartet over sola sitt infraraude spekter og studerte varmeeffekten til solkoronaen. Abbot var òg med å utvikla designet til Mount Wilson Solar Observatory sitt 19 meters vertikale solteleskop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Abbot, Charles Greeley» s. 1 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  1. Charles Greeley Abbot May 31, 1872 — December 17, 1973. National Academy of Sciences. Vitja 28. desember 2008.